Synapse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Synapse

Synapse er ein overgang mellom to nerveceller der eit nervesignal kan overførast frå ei nervecelle til ein annan. Ein synapse består av ein aksonende, ei mottakarcelle og spalta mellom dei. Synapsespalten er ca. 20 NM brei, og er fylt med væske.

Ein nerveimpuls går langs ein nervefiber (akson) som ei elektrisk bølgje der eit oppbygga spenningspotensial over cellemembranen vert brote ned. Cellemembranen inneheld spenningsregulerte ionekanaler som vert styrt av membranpotensialet (elektrisk spenningsskilnad mellom cella si indre og ytre). Natrium+ og kalium+ ion vert pumpa gjennom desse ionekanalene. Når nerveimpulsbølgja er passert, vert det pumpa natriumioner, Na+, frå innsida av nervecellemembranen til utsida. Kaliumioner, K+, diffunderer inn i cella. Detta gjer membranpotensialet meir negativt. Denne rørsla av ion er ein kontinuerleg prosess, der resultatet er ein høg konsentrasjon av kaliumioner inne i cellene og høg konsentrasjon av natriumioner utanfor cellene.

Når nerveimpulsen kjem langs den eine nervefiberen til akson-enden, vert kalsium-kanalane påverka til å opnast. Når mengda av kalsiumioner (Ca+) aukar i akson-enden, vert det frigjort transmittersubstansar som rask diffunderer over synapsespalta til mottakarcella og vert til bundne reseptorregulerte ionekanaler. Dette medfører at ionekanalene i mottakarcella opnast. Ion strøymer inn i cella og endrar membranpotensialet. Dersom terskelverdien (ca. -60 mV) vert nådd, startar ny nerveimpuls i motakercellen.

Det finst mange kjemiske stoff som fungerer som transmittersubstansar i ulike typar synapser. Døme på desse er

Mange medikament verkar på enzym som bryt ned eller byggjer opp transmittersubstansar. Enzyma aukar eller hemmar oppbygging eller nedbrytning av transmittorsubstanser. Desse medikamenta aukar eller hemmar synapsens evne til å overføra ein nerveimpuls til den neste nervecella.

Det er sannsynleg at framtidig forsking vil gje mykje kunnskap om korleis dagens og medikamenta i framtida, rusmiddel, konserveringsmiddel, matvarer og miljøgifte verkar på enzym, transmittorsubstanser og cellevegger i ulike typar synapser.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]