Synkrotronstråling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blåfargen til jetstrålen som står ut frå det supermassive svarte hòlet i den elliptiske galaksen M87 kjem frå synkrotronstråling skapt av frie elektron som blir avbøygde av magnetfeltliner i strålen.[1]

Synkrotronstråling er elektromagnetisk stråling send ut av ladde partiklar som fer med relativistisk fart i eit magnetfelt. Strålinga vert send ut grunna akselerasjonen magnetfeltet utset partiklane for. Synkrotronstråling er nært knytt til bremsestråling der eit fritt elektron vert deakselerert av eit ion utan å verta fanga inn.

Bylgjelengda til synkrotronstrålinga går ned når energien til elektronet aukar. Synkrotronstråling er sterkt polarisert og produserer mykje av strålinga frå Krabbetåka, pulsarar, og radiogalaksar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen baserer seg på artiklane «synchrotron radiation» s.399 og «free-free transition» s. 148 i «Phillip's Astronomy Encyclopedia» utgjeven i 2002.
  1. «A Cosmic Searchlight» - Hubble-pressmelding i samband med teleskopet sitt bilete av den elliptiske galaksen M87.