Supermassivt svart hòl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kunstnarisk framstilling av eit supermassivt svart hòl i sentrumet av ein galakse.

Supermassive svarte hòl er svarte hòl som ein trur ligg i kjernane til galaksar og kvasarar og som ein trur har massar på mellom 1 ×106 og 1 ×109 solmassar (det supermassive svarte hòlet OJ 287 har ein masse på 1,8 ×1010 solmassar[1]).[2] Supermassive svarte hòl er millionar til milliardar av gonger meir massive enn stellare svarte hòl som er resultatet av tunge stjerner som har kollapsa under tyngdekrafta.

Det er ikkje kjend korleis supermassive svarte hòl blir danna, men det finst sterke prov for eksistensen deira i form av gass som i høg fart krinsar rundt kjernane til radiogalaksar. Gravitasjonspotensialet som trengst for å binda desse gasskyene i bane svarer til mellom 1 ×106 og 1 ×108 solmassar innanfor eit veldig lite område. Massetettleiken dette vil føra til er so stor at det supermassive objektet ville kollapsa til eit svart hòl på ein augneblink om det ikkje allereie var eit. Indirekte prov kjem òg frå kvasarar der ei større mengd energi blir produsert innanfor eit volum som svarer til solsystemet. Den einaste mekanismen som er effektiv nok til føremålet er konvertering av gravitasjonsenergi til lys gjennomført av eit supermassivt svart hòl.

Det finst òg sterke prov for at det eksisterer eit supermassvit svart hòl kalla Sagittarius A* i sentrum av Mjølkevegen.[2] Stjerner krinsar rundt sentrumet til Mjølkevegen med snøggleikar opp mot 5000 km/s, noko som krev eit objekt med ein masse på fleire millionar solmassar liggjande der.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «supermassive black holes» s. 394 i Phillip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002. Andre kjelder er oppgjevne under:
  1. «18 billions of suns support Einstein» - Pressemelding frå Calar Alto-observatoriet i samband med at det har blitt stadfesta at det supermassive svarte hòlet OJ 287 er binært.
  2. 2,0 2,1 2,2 «World Book at NASA - Black Hole» - Informasjon teke frå «World Book @ NASA».