Hopp til innhald

Szolnok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Szolnok
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Ungarn
Region Den nordlege store sletta
Fylke Jász-Nagykun-Szolnok
Areal 18 724 km²
Folketal 66 426 (1. januar 2024)
Først nemnd i 1075
Postnummer 5000
Retningsnummer 56
Kart
Szolnok
47°10′29″N 20°10′35″E / 47.174722222222°N 20.176388888889°E / 47.174722222222; 20.176388888889
Wikimedia Commons: Szolnok

Szolnok (utt. 'Solnok', rumensk Solnoca) er ein by i Ungarn, og fylkeshovudstad i fylket Jász-Nagykun-Szolnok sentralt i landet. Byen ligg der elva ved elva Zagyva munnar ut i Tisza.

Området har vore busett sidan antikken. Før erobringa av Ungarn var han busett av skytianarar, keltarar og avarar. Ungararane busette seg i området på 900-talet.

Byen, kalla opp etter hoffmarskalken i borga, vart først nemnd i 1075. På denne tida var han hovudstad i fylket Szolnok. Under den mongolske invasjonen vart byen forlaten. Kong Béla IV flytta nye busetjarar her, men han vart verande ein liten landsby i lang tid.

I 1550–1551, då Det osmanske riket truga å invadere landet, vart det bygd festningsverk rundt borga og ein bymur. Osmanarane omleira borga, som overgav seg 4. september 1552. Osmanarane bygde ein moske, eit offentleg bad og ein minaret, men dei fleste av desse har vorte øydelagd seinare.

Byen vart frigjort frå det osmanske styret i 1685, men vart seinare øydelagd under revolusjonen leia av prins Rákóczi tidleg på 1700-talet. Fylket Ytre Szolnok vart mellombels ein del av Heves fylke.

Szolnok starta å kome på fote att på 1700-talet. Kontroll over elva Tisza og dampskiptrafikk på elva gjorde byen viktigare. Frå 1847 vart Szolnok forbunde til Pest med jernbane.

Innbyggjarane tok del i den ungarske revolusjonen i 1848 mot Habsburgstyret. I slaget ved Szolnok vart austerrikarane slått av hæren til general János Damjanich.

Etter Ausgleich voks folkesetnaden i byen og Szolnok vart viktigare. I 1876 vart Szolnok hovudstad i fylket igjen. I 1879 hadde han alt 16 000 innbyggjarar.

Byen leid kraftig under dei to verdskrigane. I 1944 vart han utsett for kraftig bombeåtak og vart frigjort frå den nazistiske okkupasjonen av den sovjetiske hæren, som berre fann eit fåtal av personar igjen i byen.

I sosialistperioden blømde Szolnok igjen. Det vart bygd fabrikkar og turistar kom til byen då eit termalbad opna.

Szolnok fekk status som by med fylkesrettar den 13. november 1990.

Flyfoto.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Szolnok