Térraba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Térraba
Klassifisering: Chibchansk
 Istmisk
  Naso
   Térraba
Bruk
Var tala i: Flag of Costa Rica.svg Costa Rica
Utdøydd: Slutten av 1900-talet
Språkkodar
ISO 639-3: tfr

Térraba er ein utdøydd dialekt av det chibchanske språket naso (teribe). Naso vart snakka i Costa Rica og Panama, og den costaricanske dialekten vert kalla térraba, sidan han vart snakka av folkegruppa térraba. Den panamanske dialekten vert kalla teribe, eit namn som vanlegvis vert brukt som namn på språket i staden for naso, sidan det er den einaste gjenlevende varianten.

Térraba døydde ut på slutten av 1900-talet. I 2000 var det framleis 621 térrabaer igjen, men ingen snakka lenger språket. Lingvisten Adolfo Constenla Umaña møtte berre to eldre morsmålstalarar av språket etter at han starta å studera det i 1973.

Térraba vart snakka i San Francisco de Térraba og andre mindre stadar i kantonen Buenos Aires sør i landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Constenla Umaña, Adolfo (2007). La lengua de Térraba. San José, Costa Rica: Editorial de la Universidad de Costa Rica.