Chibchanske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chibchanske språk
Klassifisering: Eigen språkfamilie, eller kanskje ei undergruppe av lenmichíspråk
Vidare inndeling:
  • Paya
  • Votisk
  • Istmisk
  • Magdalensk
Område: Mellom-Amerika, frå austlege Honduras til nordlege Colombia
Talarar: Ca. 250 000
Glottolog: chib1249

Chibcha lang.png
Utbreiinga til dei chibchanske språka i dag (gule prikker) og den trulege utbreiinga deira på 1500-talet (gule område)

Chibchanske språk er ein språkfamilie i Mellom-Amerika og nordlege Sør-Amerika. Dei chibchanske språka blir snakka frå austlege Honduras i nord, til nordlege Colombia og nordvestlige Venezuela i sør, noko som òg omfattar område i Nicaragua, Costa Rica og Panama. Det er i dag 16 chibchanske språk som framleis er i bruk. Dei vert tala av til saman av over 250 000 menneske. Det historisk viktigaste chibchanske språket, muisca, òg kjend som chibcha, vart snakka av innbyggjarane i Bogotá då europearane invaderte Amerika, og er i dag utdøydd. Dei største chibchanske språka i dag er guaymí og kuna, som begge hovudsakleg vert tala i Panama.

Dei chibchanske språka har utvikla seg frå urchibchansk og stammar sannsynlegvis opphavleg frå området rundt grensa mellom Panama og Colombia, der ein finn den største variasjonen av chibchanske språk. Dei chibchanske språka har tidlegare vorte assosiert med andre språkfamiliar i den makrochibchanske hypotesen, som i dag er avvist av dei fleste forskarar. Dei siste åra har det likevel vorte funne moglege bevis for at dei chibchanske språka likevel er i slekt med misumalpaspråk og lencaspråk, som tradisjonelt har vorte rekna som uavhengige språkfamiliar, og at dei dermed utgjer ei undergruppe av ein språkfamilie som vert kalla lenmichíspråk.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Språk Alternative namn Land Mengd brukarar
(Ethnologue)
[1]
Mengd brukarar
(Quesada)
[2]
Paya pech Honduras 990 (1993) 600
Rama Nicaragua 24 (1989) 24
Maleku guatuso Costa Rica 750 (2000) 365
Bribri Costa Rica 11 000 (2002) 6 000
Cabécar Costa Rica 8 840 (2000) 2 500
Boruca brunca Costa Rica 5 (1986) 1
Teribe naso Panama,
Costa Rica
3 000 (1996) 1 500
Guaymí ngäbere, movere, move Panama,
Costa Rica
169 000 (2000) 150 000
Bocotá buglere Panama 2 500 (1985) 2 500
Kuna Panama,
Costa Rica
58 300 (2000) 70 000
Ika bíntucua, arhuaco Colombia 8 000 (2009) 8 000
Damana malayo, arsario, guamaca,
sanká, marocasero
Colombia 1 850 (2007) 2 800
Kogi kaggabba, cágaba Colombia 11 000 (2007) 7 000
Tunebo uwcuwa Colombia 3 550 (2000) 1 800
Chimila ette taara Colombia 2 000 (2006) 2 000
Barí uwcuwa Colombia,
Venezuela
5 390 (2001) 2 500

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Constenlas klassifisering av dei chibchanske språka
  • Paya (pech) – trua
  • Votisk (pota)
    • Maleku (guatuso) – trua
    • Rama – nesten utdøydd
  • Istmisk
  • Magdalensk
    • Chimila (etne taara)
    • Barí (motilón)
    • Cundiarhuacansk
      • Cundicocuyisk (boyacansk)
        • Cundiboyacaikisk (ekte chibcha)
          • Språket muisca|Muisca (chibcha) – utdøydd
          • Duit – utdøydd
        • Tunebo (uwcuwa)
      • Arhuacansk
        • Kogi (kaggabba, cágaba)
        • Ika (bíntucua, arhuaco)
        • Austleg arhuacansk
          • Damana (malayo, arsario, guamaca)
          • Kankuamo (atanques, kankuí) – utdøydd

Fleire andre utdøydde språk er sannsynlegvis òg chibchanske, utan at det kan slåast fast heilt sikkert. Dette gjeld blant anna voto, som har gjeve namnet til den votiske undergruppa. Det meste utbreidde språket i Costa Rica på 1500-talet, språket huetar, og dessutan corobicí, var sannsynlegvis òg votiske språk.[3] Gammelcatío, nutabe og tairona, som vart snakka i Colombia, var antakeleg cundicocuyiske språk.[4]

Slektskap med andre familiar[endre | endre wikiteksten]

Skjema som viser kva tid oppdelingane av språkfamilien lenmichí kan ha funne stad

Joseph Greenberg (1987) bygde på arbeida til lingvistar som tidlegare hadde inkludert mange fleire språk i den chibchanske familien, og la fram ein hypotese om ein makrofamilie som han kalla makrochibchansk, eller chibchansk-paezansk, som omfattar, i tillegg til dei chibchanske språka, språket paes, barbacoanske språk og misumalpaspråk. Denne hypotesen har ikkje vorte tilfredsstillande stadfest, og har vorte kritisert av mange seinare lingvistar.

Adolfo Constenla (2005) hevdar å ha funne ein slektskap mellom dei chibchanske språka, lencaspråk og misumalpaspråk, ved hjelp av den komparative metoden. Han kallar denne språkfamilien for lenmichíspråk. Urspråket til denne familien skal ha vorte snakka omtrent 8000 fvt. ein stad på det mellomamerikanske eidet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Chibchanske språk hos Ethnologue
  2. Quesada (2007), s. 34–35
  3. Quilter og Hoopes (2003), s. 56
  4. Quilter og Hoopes (2003), s. 58

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Constenla Umaña, A. (1981). Comparative Chibchan Phonology. (Doktorgradsavhandling, Department of Linguistics, University of Pennsylvania, Philadelphia).
  • Constenla Umaña, Adolfo. (1991). Las lenguas del Área Intermedia: Introducción a su estudio areal. Editorial de la Universidad de Costa Rica, San José.
  • Constenla Umaña, Adolfo. (1995). Sobre el estudio diacrónico de las lenguas chibchenses y su contribución al conocimiento del pasado de sus hablantes. Boletín del Museo del Oro 38-39: 13-56.
  • Greenberg, Joseph H. (1987). Language in the Americas. Stanford: Stanford University Press.
  • Holt, Dennis (1986). The Development of the Paya Sound-System. (Doktorgradsavhandling, Department of Linguistics, University of California, Los Angeles).
  • Quesada, J. Diego. (2007). The chibchan languages. Editorial Tecnológica de Costa Rica, Cartago.
  • Estudios de Lingüística Chibcha, en journal om chibchansk lingvistikk gitt ut av Universidad de Costa Rica.
Nettstader