Tømmerrenne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tømmerrenne inn til saga på Hävla bruk i Finspångs kommun i Sverige.

Tømmerrenne, òg kalla fløytingsrenne, er ei vassrenne nytta til tømmerfløyting, det vil seie å transportere tømmer (turka trestammar) ved å la tømmeret flyte i rennande vatn. Ei tømmerrenne kan vere av treverk, metall eller mur, og bygd for å fløyte laus-tømmer over strekningar der naturlege elvar og vatn ikkje kan nyttast, til dømes forbi stryk, fossar eller vasskraftverk og andre hindringar i fløytingselva, eller for å føre tømmeret frå eit vassdrag over i eit anna. Det var òg vanleg å laga ei tømmerrenne frå fløytingselva og inn på sagbruket som skulle take mot tømmeret. I dag er tømmerfløytinga erstatta av transport med lastebilar og jarnbane.

For at ei tømmerrenne skulle fungere, måtte renna ha tilstrekkeleg fall og nok vatn. Fløytingsdammar for å samle opp vatn og sleppe det ut i renna under fløytinga vart difor bygde på høvelege stader i terrenget, på same vis som fløytingsdammer òg vart bygde for å skaffe nok vatn i små elvar og vassdrag i den årlege tømmerfløytingsperioden.

Leivningane av ei tømmerrenne i fossen Storstupet i elva Ämån i Dalarna i Sverige.

Fløytingstunnelar[endre | endre wikiteksten]

Ei særleg form for tømmerrenner var fløytingstunnelar. Til dømes går det ein 3 170 meter lang fløytingstunnel mellom Isnes i Vestvannet og Eid i Visterflo (ei sideelv til Glomma) i Sarpsborg kommune som var i bruk fram til 1985, så lenge det vart fløyta tømmer i Glomma.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]