Tunnel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lærdalstunnelen

Ein tunnel er ein utsprengd, utbora eller utgrava undergrunnspassasje gjennom jord eller fjell for jarnbane, veg, vatn osb. Tunnelar vert til dømes bygde i kuperte og vanskeleg tilgjengelege område for å få fram jarnbane eller vegar, vatn til kraftstasjonar, få unna avløpsvatn frå byar og mykje meir.

Kva som ligg i omgrepet tunnel er ikkje heilt klart, og varierer frå definisjon til definisjon. Dersom det vert grave ned frå jordoverflata for å bygge passasjen til ei grøft, vert det helst tala om ein kulvert.

Vegtunnelar[endre | endre wikiteksten]

Vegtunnelar er tunnelar som er bygd for å lette framkomsta for bilar og andre køyretøy. Noreg er eit av dei landa som har flest vegtunnelar, med over 900 tunnelar som tilsaman strekkjer seg over 750km[1]. Dette kjem av at Noreg er eit land med mykje fjell.

Lærdalstunnelen mellom Aurland og Lærdal i Sogn og Fjordane er med sine 24 509 meter, verdas lengste vegtunnel.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.