Tønnes Andenæs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tønnes Andenæs
Tønnes Madsson Andenæs - 23.8.1969 - Oslo Museum - OB.F13303b.jpg
Fødd 25. juni 1923
Innvik
Død

22. februar 1975
Øyer

Yrke politikar

Tønnes Madsson Andenæs (25. juni 192322. februar 1975) var ein norsk forlagsmann og politikar. Han representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1969 til han døydde i 1975.

Tønnes Andenæs var fødd i Innvik prestegjeld i Nordfjord, der faren var sokneprest. 1944-45 gjekk han Flyvåpenet sin flyskule i Canada og i England. Han arbeidde aktivt for nordisk kultursamarbeid, særleg for kontakt med Færøyane og Island, og var formann i Norsk-færøysk lag 1947–59 og i Norsk-Islandsk Samband 1960–65. I 1949 gav han ut studieboka Grunnloven vår, ei bok som vart omsett til engelsk, tysk og fransk.

I 1950 fekk Andenæs sjefsjobben for det nye forlaget Universitetsforlaget, ei stilling han hadde til han døydde. Han tok cand.jur.-eksamen i 1955. Perioden 1964 til -71 var han kommunestyremedlem i Bærum. Frå januar til oktober 1965 var han statssekretær i Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Hausten 1969 vart han vald inn på Stortinget for Arbeiderpartiet frå Akershus, attvald 1973. På Tinget var han 1969-73 medlem i Samferdslekomiteen, sidan i Administrasjonskomiteen.

Andenæs omkom i Tretten-ulykka, ei togulukke som fann stad 22. februar 1975.

Han var riddar av Den islandske falkeorden og mottok Deltakarmedaljen.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Tønnes Andenæs var bror av juristen Johs. Andenæs og forretningsmannen Erling Rye Andenæs. Han var far til juristen Mads (Tønnesson) Andenæs.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]