Tāne Mahuta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tāne Mahuta

Tāne Mahuta er eit stort kauritre i Waipoua Forest i regionen NorthlandNew Zealand.

Maorinamnet til treettyder Herren i skogen (sjå Tāne), og er namnet på ein gud i maorimytologien. Tāne Mahuta er det mest massive kauritreet ein kjenner til i dag. det er 51 meter høgt, og har ein omkrins på 13,8 meter. Alderen til treet er uviss, men ein rekar med at det er mellom 1250 og 2500 år gammalt.

Tāne Mahuta har følgjande mål:[1]

Omkrins på stammen: 13,77 meter

Høgda på stammen: 17,68 meter

Total høgde 51,2 m,

Volumet til stammen: 244,5 m3.

Treet er ein rest av den gamle subtropiske regnskogen som ein gong voks på halvøya North Auckland Peninsula. Andre store kauritre står i lærleiken, mest kjend av dei er Te Matua Ngahere. Tāne Mahuta er det mest kjende treet på New Zealand og det eldste. Ein meiner at dette treet vart oppdaga og identifisert på 1920-taletlandmålarar stakk ut traséen til den noverande riksvegen State Highway 12 gjennom skogen. I 1928 fann Nicholas Yakas og andre arbeidarar på veganlegget treet på nytt.

I mytologien til māorifolket er Tāne son til Ranginui, far til himmelen, og Papatuanuku, mor til jorda. Tāne var barnet som skilde foreldra si omfamning, og då det var gjort, kledde mora i skogen som finst der i dag. Alle levande skapningar i skogen vert rekna som borna til Tāne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Department of Conservation (Miljøverndepartementet). «Tane Mahuta Track». Henta 27.07.2008.