Regnskog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Regnskog er ein type skog der det er høg årleg nedbør av regn, minst 1800-2000 mm.[1] Den eksakte definisjonen av regnskog er noko uklar. Regnskogane på jorda ligg som eit sporadisk, breitt belte kring ekvator. Slike skogar finst i Mellom-Amerika og Vestindia, i nordre halvdel av Sør-Amerika, Sentral-Afrika, i tillegg til Søraust-Asia. Skogane minskar heile tida i storleik på grunn av menneska si verksemd. Avskoging har vorte ei utfordring på mange kontinent. Ein regnskog er rik på ulike arter av planter og dyr. I regnskogane finn ein ⅔ av alle dyreartene og planteartene på jorda. Det vert rekna at det i tillegg finst millionar av arter som enda ikkje er vorte oppdaga og klassifiserte.

Ein reknar med at regnskogen står for kring 40 % av oksygenet i atmosfæren, gjennom fotosyntesen. Vegetasjonen er ein viktig forbrukar av atmosfærisk karbondioksid. Med alle sine funksjonar er regnskogane mykje viktige for klimaet på jorda.

Det finst to typar regnskog, tropisk regnskog og temperert regnskog. Tropisk regnskog er det ein ofte omtalar som regnskog. I ein tropisk regnskog er det alltid varmt og fuktig, mellom 27 og 35 gradar. Temperert regnskog finst i visse tempererte område med fuktige vestvindar som til dømes den nordvestlege kysten av Nord-Amerika, sørlege Chile, Australia sin søraustlege kyst og New Zealand. I regnskogar er nedbøren høg, noko som kan føra til at jorda vert skyld vekk i flaumar.

Fram til år 2000 har over 150 000 km² regnskog forsvunne årleg, på grunn av menneskelege handlingar. Regnskogfondet er ein norsk organisasjon som arbeider for å verna regnskogane.[1]

Temperert regnskog[endre | endre wikiteksten]

Det er ofte regnskog i tempererte og subtropiske område der vassdamp frå havet vert pressa opp over kystnære fjell. I desse skogane er temperaturen og oksygeninnhaldet i jorda for lågt til at nedbrytarane klarar å bryta ned alt avfallet i jorda på eit år. På grunn av dette vil det oppstå myr og opphoping av humus i jorda. Dette fører til fall i pH-verdien og at jorda vert sur. På den måten set klimaet både direkte og indirekte vilkåra for planteveksten. Ein finn hovudsakleg slike skogar i Nord-Amerika, Aust-Asia, og Vest-Europa.[2]

Tropisk regnskog[endre | endre wikiteksten]

I dei tropiske områda er bakgrunnen for regnskogane ein annan: På grunn av ei kraftig termisk fuktig luft til vêrs. Når den fuktige lufta er kommen eit stykke opp, vert ho avkjøla og fuktigheita fell ned som regn. Denne syklusen gjentek seg kvart døgn, og mange stadar så regelmessig at regne fell ned på same tid av døgnet i månadsvis. Ein finn slike skogar mellom anna i Asia, Australia, Afrika, Sør-Amerika, Mellom-Amerika, Mexico og ved mange øyer i Stillehavet.[3]

Døme på regnskogar[endre | endre wikiteksten]

Øydelegging av regnskogar[endre | endre wikiteksten]

Over halvparten av den opphavlege tropiske regnskogen er vorte borte sidan 1950. I 1950 var rundt 15 % av landmassen på jorda dekt av regnskog.[4] På midten av 1990-talet var dette minska til om lag 6 %.[5] Avskoginga har fortsett, med eit estimert årleg tap på 58 000 km² i 1990-åra, og eit rapportert tap på 37 500 km² primær tropisk regnskog i 2021.[6] Det er fleire årsaker til dette, men det som utgjer mest er hogsten av verdifull tømmer som mahogni og teak. Ei anna årsak for øydelegginga av regnskogen kan vera alt biobrenselet som vert produsert der.

Når regnskogen minskar forsvinn også arter. Estimat seier at regnskogar mistar 5-10 % av artene sine per tiår.[4] Avskoging frigjev også organisk bunde karbon, samstundes som skogen sitt CO2-opptak til fotosyntesen vert redusert i desse områda. Dermed endar ein opp med meir karbondioksid i atmosfæren, som dermed fører til global oppvarming.[7] På grunn av avskoging og skogbrannar, slo ein rapport i 2021 fast at Amazonas slapp ut litt meir CO2 enn han fanga opp.[8][9] Regnskogtapet i 2021 vart rekna med å føra til utslepp av 2,5 gigatonn karbondioksid, tilsvarande det årlege utsleppet frå bruk av fossile brennstoff i India.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hjermann, Dag Øystein; Larsen, Henning (17. januar 2022). «regnskog». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «temperate forest | Plants, Animals, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 22. september 2022 
  3. «WWF - Discover tropical rainforests», wwf.panda.org (på engelsk), henta 22. september 2022 
  4. 4,0 4,1 «Rainforest | National Geographic Society», education.nationalgeographic.org, henta 22. september 2022 
  5. «Facts and information on the Amazon Rainforest», rain-tree.com, arkivert frå originalen 2013-01-15, henta 22. september 2022 
  6. 6,0 6,1 Nerger, Matt (5. mai 2022), «Our Mission to Protect the World’s Forests», Rainforest Alliance (på engelsk), henta 22. september 2022 
  7. Halleraker, Jo Halvard; Lundberg, Anders (6. april 2022). «avskoging». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  8. Os, Lars (2. mai 2021), «Rapport: Amazonas slipper ut mer CO₂ enn den fanger opp», NRK (på norsk bokmål), henta 22. september 2022 
  9. Qin, Yuanwei; Xiao, Xiangming; Wigneron, Jean-Pierre; Ciais, Philippe; Brandt, Martin; Fan, Lei; Li, Xiaojun; Crowell, Sean; Wu, Xiaocui (2021-05). «Carbon loss from forest degradation exceeds that from deforestation in the Brazilian Amazon». Nature Climate Change (på engelsk) 11 (5): 442–448. ISSN 1758-6798. doi:10.1038/s41558-021-01026-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima (BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)