Hopp til innhald

T-baneringen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ringen
T-baneringen
Nydalen T-banestasjon på Ringen
Info
LandNoreg
Typetunnelbane
SystemT-banen i Oslo
Statusopen for trafikk
Tal på stasjonar3
Drift
Opna2003: strekning Ullevål stadion-Storo
2006: strekning Storo-Carl Berners plass
EigarAS Oslo Sporveier
Operatør(ar)Oslo T-banedrift
Type trafikkkolektivtrafikk
Teknisk
Sporvidd1435 mm
Lengd5 km
Eit tog på jarnbana Gjøvikbanen ved Grefsen stasjon til venstre, og eit T-banetog på eit sidespor på Storo stasjon på T-banelina Ringen til høgre.

Ringen er ei dobbeltspora T-baneline i T-banenettet i Oslo som går mellom stasjonane Ullevål stadion på Sognsvannsbanen og Carl Bernes plass på Grorudbanen via Nydalen og Storo. Ved at lina er eit tverrsamand mellom desse to linene, skapar ho ei ringbane over desse to linene og fellestunnelen for T-banelinene gjennom sentrum. Lina, som har tre stasjonar med plattform mellom spora i staden for på kvar si side av spora, vart bygd i åra 2000 - 2006, og har ein stasjon, Nydalen stasjon, liggande under jorda.

Mellom stasjonane Ullevål stadion og Storo, og mellom stasjonane Sinsen og Carl Berners plass, går lina i tunnel, elles ligg ei stutt strekning forbi Grefsen jarnbanestasjon på Gjøvikbanen i dagen. Her er det òg eit spor som knyt T-banenettet til jarnbanenettet, og soleis gjer det mogleg å køyre vedlikehaldsmaskinar for skjenegangen frå jarnbanen over på T-banen. Men korkje T-banetoga eller toga på jarnbanen kan køyrast på det andre nettet.

Mellom Sinsen stasjon på Ringen og Økern stasjon på Grorudbanen går T-banelina Lørenbanen, ferdig i 2016. Denne banen gjer det mogleg å køyre tog mellom sentrum av Oslo og Groruddalen over Sognsvannsbanen - Ringen - Lørenbanen - Grorudbanen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]