Tagliamento

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tagliamento
elv
none
Land Italia
Kjelde Mauriapasset i Friuli
 - høgd 1 195 moh moh
Munning Veneziabukta
Lengd 178 km km
Nedslagsfelt 2 916 km² km²
Wikimedia Commons: Tagliamento

Tagliamento er ei elv nordaust i Italia som renn frå Alpane til Adriahavet mellom Trieste og Venezia. Ho har sitt utspring ved Mauriapasset på grensa mellom Veneto og Friuli-Venezia Giulia. I den øvre delen renn ho gjennom det historiske Carnia-området, nord i provinsen Udine. I dei midtre og nedre delane dannar ho grensa mellom provinsane Udine og Pordenone og seinare mellom førstnemnde og provinsen Venezia. Til slutt munnar ho ut i Veneziabukta mellom Lignano Sabbiadoro og Bibione.

Tagliamento har eit nedslagsfelt på 2 916 km² og om lag 165 000 innbyggjarar bur innanfor dette området.

Dei største byane langs elva er Latisana og San Michele al Tagliamento. I nærleiken finn ein òg Tolmezzo, Gemona del Friuli, San Daniele del Friuli, Spilimbergo, Casarsa della Delizia, Codroipo og San Vito al Tagliamento.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]