Taktiske atomvåpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Representantar for amerikanske styresmakter ser på det taktiske kjernefysiske våpenet W54, eit av dei mest kompakte taktiske atomvåpena som nokon gong er laga.

Taktiske atomvåpen er nemninga på kjernefysiske våpen som med lita sprengkraft berre vil vera i stand til å øydeleggja eit mindre område. Dei vil i tilfelle ein militær konflikt berre nyttast mot militære mål i nærleiken av eigne eller allierte styrkar.

Eit taktisk kjernefysisk våpen som kan berast på ryggen av ein soldat (engelsk backpack nuke).

Døme på nytte av taktiske kjernevåpen kan vera angrep mot større samlingar av pansra personellkøyretøy eller marinefartøy. Som våpenberarar kan ein nytta rakett, missil, torpedo, granat eller bombe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]