Tanums skipreide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helleristingane i Tanum er med på lista over verdsarv.

Tanums (Tuneim) skipreide var ei skipreide i nordre delen av Båhuslen, tidlegast kjend under namnet Luderlag. Ho femna om soknene Tanum og Lur, som i dag utgjer dei sentrale områda av Tanums kommun.

Då heile Båhuslen vart svensk territorium etter freden i Roskilde i 1658 vart skipreidene i landskapet innlemma i den svenske heradsordninga, og Tanums skipreide vart omskipa til Tanums härad.