Tanzanitt
Tanzanitt | |
![]() Tanzanitt, råstein og slipt stein. | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Sorosilikat |
Kjemisk formel | (Ca2Al3(SiO4)(Si2O7)O(OH)) |
Strunz-klassifisering | 09.BG.10 |
Identifikasjon | |
Farge | lilla til blå |
Krystallform | krystallar flatpressa i nålform, kan vere trådaktig boga |
Krystallsystem | Ortorombisk |
Kløyv | perfekt {010} uperfekt {100} |
Brot | Ujamn til muslig |
Mohs hardleiksskala | 6.5 |
Glans | glasaktig, perleaktig på kløyvflater |
Strekfarge | Kvit eller fargelaus |
Spesifikk vekt | 3,10–3,38 |
Optiske eigenskapar | |
Optiske eigenskapar | Toaksa positiv |
Brytingsindeks | 1.69–1.70 |
Dobbeltbryting | 0.006–0.018 |
Pleokroisme | Finst, dikroisme eller trikroisme avhengig av farge. |
Tanzanitt er ein edelstein, ein blåfarga, klår varietet av mineralet zoisitt. Fargen kan intensiverast ved varmebehandling.
Tanzanitt blei oppdaga i 1967 i Det vart oppdaga i Mereraniåsane i regionen Manyara nord i Tanzania i 1967, nær byen Arusha og Kilimanjaro. Gruvedrifta blei starta med ein gong, men berre små gruver drivne av lokale hender. Det er ikkje vanleg at ein finn store mengder av tanzanitt; for det meste kjem det ut berre små steinar. Dei gongene det er mogleg å ta ut større steinar, blir dei ofte kjøpt av samlarar, og prisane kan då bli svært høge.
Per 2007 har ein ikkje funne tanzanitt nokon anna stad i verda enn i Tanzania.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Tanzanitt» frå Wikipedia på bokmål, den 23. juli 2012.
- Tanzanitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/tanzanitt.