Zoisitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zoisitt
Anyolite tanzanite.jpg
Anyolitt (venstre) & tanzanitt
Generelt
KategoriSilikatmineral
Kjemisk formelCa2Al3(SiO4)(Si2O7)O(OH)
Identifikasjon
FargeGrå, gul, blå, grøn
KrystallsystemOrtorombisk
BrotUjamn til musleg
Mohs hardleiksskala6,5
GlansGlasaktig, perleklår på kløftflater
StrekfargeKvit eller fargelaus
Spesifikk vekt3,10-3,38
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparPositiv toaksa
Brytingsindeks1,69-1,70
Dobbeltbryting0,006-0,018
PleokroismeEksisterer, dikroisme eller trikroisme alt etter farge
Viktige variantar
tanzanittEdelsteinkvalitet, blåraud
thulittRosa
anyolittOfte funne samanvekst med rubin
krom-zoisittGrøn, uvanleg

Zoisitt er eit kalsiumaluminiumhydroksidsorosilikat som høyrer til mineralgruppa epidot. Den kjemiske formelen er Ca2Al3(SiO4)(Si2O7)O(OH). Zoisitt er kalla opp etter den slovenske vitskapsmannen Baron Sigmund Zois von Edelstein (Žiga Zois), som forstod at dette var eit ukjend mineral, då mineralforhandlaren Simon Prešern viste han mineralet. Han hadde oppdaga det i Saualpefjella (Svinška planina) i Kärnten i 1805. Zoisitt vart først kjend som saualpitt, etter staden han vart funnen første gongen. Transparente material vert forma til edelsteinar, medan ugjennomsiktige vanlegvis vert nytta til skulpturar.

Zoisitt framstår som ein prismeaktig, ortorombisk (2/m 2/m 2/m) krystall eller i massiv form, og er funne i metamorfe bergartar eller pegmatitt. Zoisitt kan vere blå til blådraud, grøn, brun, lilla, gul, grå eller fargelaus. Han har glasaktig glans og musleg til ujamn oppsprekking. Når dei er idiomorge er zoisittkrystallar stripete langs hovudaksen (c-aksen). Parallelt til hovudaksen finn ein fullkomne kløfter. Zoisitt har ein hardleik på litt over 6 og den spesifikke vekta er mellom 3,10 - 3,38, etter kva variant det er snakk om. Strekfargen til zoisittar er kvite og dei er sagt å vere skjøre.

Ein finn zoisittar i Tanzania (tanzanitt), Kenya (anyolitt), Noreg (thulitt), Sveits, Austerrike, India, Pakistan og Washington i USA.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]