Tarja Halonen
| Tarja Halonen | |||
| | |||
| Fødd | 24. desember 1943 (82 år) Helsingfors | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Finland | ||
| Parti | Finlands sosialdemokratiske parti | ||
| Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja | ||
| Yrke | politikar, advokat | ||
| Utdanna ved | Helsingfors universitet | ||
| Ektefelle | Pentti Arajärvi | ||
| Sambuar | Kari Pekkonen | ||
| Barn | Anna Halonen | ||
| Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling Romaklubben | ||
| Alle verv |
| ||
Tarja Kaarina Halonen (fødd 24. desember 1943) er ein finsk politikar og jurist. Ho var presidenten i Finland frå 1. mars 2000 til 1 mars 2012.
Halonen vart fødd i arbeidardistriktet Berghäll (finsk Kallio) i Helsingfors. Ho tok jussutdanning ved Universitetet i Helsingfors (Helsingin yliopisto) og engasjerte seg samstundes i det nasjonale studentlaget. I 1970 vart ho tilsett som advokat for hovudorganisasjonen for finske fagforeiningar, SAK, og i 1971 gjekk ho inn i det sosialdemokratiske partiet. Ho var medlem i den finske Riksdagen frå 1979 til ho vart president. Halonen har også hatt tre ulike ministerpostar, helseminister (1987–1990), justisminister (1990–1991) og utanriksminister (1995–2000).
Halonen vart i 2000 tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.