Tartarus Dorsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tartarus Dorsa fotografert av New Horizons

Tartarus Dorsa er eit område med kvasse fjelleggar aust i Tombaugh Regiodvergplaneten Pluto. Eggane har typisk eit vertikalt relieff på 550 meter og ligg mellom 3 og 5 kilometer frå kvarandre.

Per mars 2016 er det uvisst kva eggane er laga av, men spektroskopi syner fyrst og fremst spor av metan og dessutan litt vatn. Det er derimot uvisst om frose metan er solid nok ved temperaturane som finst på Pluto til å kunna halda oppe slike strukturar over lengre tid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]