Tastaturoppsett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tastaturoppsett er ei nemning på måten tastane på eit tastatur er organiserte. Datamaskinar kjem med mange ulike slag tastaturoppsett for å tilfredsstilla brukarar av ulike språk, og folk med ulik smak. Vanleg engelskspråkleg oppsett vert kalla QWERTY, kalla etter dei seks bokstavane til venstre på øvste bokstavlina. Vanlege norske tastatur har dei same bokstavane der og kan soleis òg kallast QWERTY. Det finst ulike nasjonale variasjonar over dette (sjå nedanfor), men det finst og heilt ulike alternativ. Det mest vidgjetne og utbreidde er Dvorak forenkla tastatur.

Denne artikkelen er avgrensa til ulike oppsett av vanlege alfanumeriske datamaskintastatur med 102 til 105 tastar. For andre typar tastatur, kan du sjå på tastatur.

Eit tastatur som syner QWERTY, Dvorak, russisk, koreansk og arabisk oppsett.

Innleiing - tastaturstruktur[endre | endre wikiteksten]

Alfanumeriske tastar[endre | endre wikiteksten]

Hovuddelen av eit alfanumerisk tastatur er tastane som gjev oss bokstavar og tal. Det er i hovudsak oppsettet av bokstavane som varierer mellom ulike tastaturoppsett, men andre tastar kan teknisk sett òg bytast om. Tala finn ein i ei rekkje øvst på tastaturet og på tastatur av full storleik finn ein dei òg i ein eigen bolk heilt til høgre.

Valtast[endre | endre wikiteksten]

Tastar merkte med ein blokkbokstav kan skriva både majusklar (store bokstavar) og minusklar (småe bokstavar) ved å nytta «shift» (ofte merkt «↑») eller «Caps Lock». «↑» kan òg nyttast til å få fram symbol som står oppe til venstre på ein tast. For å få fram symbola nede til høgre på tastane, må ein halda nede «Alt Gr».

Eit vanleg tastatur har dessutan ein kontrolltast («Ctrl»), alternativtast («Alt») og funksjonstastar (F1-F12). Berbare maskiner har oftast ein "Fn-tast«. Alle desse tastane kallar me »valtastar".

Daudtast[endre | endre wikiteksten]

Ein daudtast gjev ikkje frå seg noko teikn når du trykkjer på han, men endrar det som kjem frå den neste tasten du trykkjer.

Mange språk nyttar aksentteikn over bokstavane, t.d. ä, û og ñ. Slike lagar ein ved å trykkja ein daudtast før bokstaven. Om du vil ha eit diakritisk teikn åleine (^ ~ ¨ ` ´) trykkjer du mellomromstast etter daudtasten.

Standardoppsett - QWERTY-variantar[endre | endre wikiteksten]

Det finst eit stort tal ulike tastatur for ulike språk. Språk med latinske bokstavar nyttar likevel tastatur som i all hovudsak er like, all den tid dei er variasjonar over QWERTY. Tastatura kan ha namn etter dei fyrste seks bokstavane på tastaturet. Både QWERTZ, AZERTY og QZERTY er variantar av QWERTY. Her er eit lite utval av tastatur.

QWERTY[endre | endre wikiteksten]

Det vanlegaste tastaturet. Her vist i ulike nasjonale variantar.

Amerikansk-engelsk[endre | endre wikiteksten]

Middle North American keyboard layout

Det USA-amerikanske tastaturet nyttar ikkje AltGr eller daudtastar og har ingen diakritiske teikn. Dette gjer det berre eigna til nokre få språk.

Desse tastatura er ikkje berre nytta i USA, men i dei fleste engelsktalande land utanom Storbritannia (sjå nedanfor).

USA/internasjonalt[endre | endre wikiteksten]

US-International keyboard layout

Det finst ei utgåve som er betre eigna for andre språk. Den vert kalla «US-International layout». Som du ser at biletet er det her mogleg å få fram aksentteikn og ein heil del bokstavar som ikkje finst i engelsk. Mellom dei Æ, Ø, Å.

Britisk-engelsk[endre | endre wikiteksten]

United Kingdom keyboard layout

Det britiske oppsettet liknar det amerikansk-engelske, men har ein del mindre ulikskapar. Det amerikanske har til dømes ikkje teikna £ (britiske pund) eller € (euro).

Norsk[endre | endre wikiteksten]

Norwegian keyboard layout

Svensk/Finsk[endre | endre wikiteksten]

Swedish/Finnish keyboard layout

Dansk[endre | endre wikiteksten]

Danish keyboard layout

Brasil-portugusisk[endre | endre wikiteksten]

Portuguese (Brazil) keyboard layout


Det finst fleire QWERTY-variasjonar

QWERTZ[endre | endre wikiteksten]

QWERTZ-oppsettet er mykje nytta i Tyskland og store delar av Sentral-Europa. Skilnaden til QWERTY er at Y og Z er bytte om, og mange spesialteikn er bytte ut med sertyske teikn.

Tyskland og Austerrike (ikkje Sveits)[endre | endre wikiteksten]

German keyboard layout

Sveits (tysk og fransk), Liechtenstein, Luxemburg[endre | endre wikiteksten]

Swiss keyboard layout

Rumensk i Romania og Moldova[endre | endre wikiteksten]

Romanian keyboard layout

Dette oppsettet er lite vanleg. Det vanlegaste i desse landa er å nytta amerikansk QWERTY.

Ungarn[endre | endre wikiteksten]

Hungarian keyboard layout


AZERTY[endre | endre wikiteksten]

AZERTY-oppsettet er nytta i Frankrike, Belgia og nokre naboland. Det skil seg slik frå QWERTY:

  • A og Q er bytte om
  • Z og W er bytte om
  • M er flytt til høgre veslefinger (Ø på norsk oppsett)
  • Ein må halda inne «shift» for å skriva tal. Utan «shift» får ein opp bokstavar med aksentar.

Det franske AZERTY-oppsettet har spesialbokstavar som ç, à é og è.

Fransk[endre | endre wikiteksten]

Belgisk[endre | endre wikiteksten]

Fil:French (Belgian) keyboard.jpg

Belgisk oppsett er stort sett likt som det franske. Nokre teikn(? ! @ - _ + = §) har andre plasseringar.

QZERTY[endre | endre wikiteksten]

Er brukt i hovudsak, om ikkje utelukkande, i Italia. Det er særs vanleg på skrivemaskiner, men datamaskiner har oftast QWERTY.

  • Z og W er bytte om
  • M er flytt til høgre veslefinger, som i AZERTY


Dvorak, Colemak, NEO, XPeRT, QWERAK og andre ergonomiske oppsett[endre | endre wikiteksten]

(Bilete og meir info kjem vonleg)

Dvorak[endre | endre wikiteksten]

Dvorak Simplified Keyboard layout

Ein del tastatur er forma med tanke på å vera lettare å nytta, ved at tastane er plasserte meir gjennomtenkt enn på QWERTY-variantane. Det mest kjende alternativet av denne typen er Dvorak Simplified Keyboard. Dvorak har namn etter August Dvorak som var den som utvikla oppsettet. Dvorak reduserer fingerrørslene og legg stor vekt på større veksling mellom høgre og venstre hand enn QWERTY. Det klarar oppsettet særleg gjennom å ha alle vokalane til venstre og dei mest nytta konsonantane til høgre. (Sjå Dvorak for meir informasjon.)

Andre[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til Dvorak Dvorak finst andre ergonomiske oppsett, mellom anna:

QWERTY-basert[endre | endre wikiteksten]

QWERTY- og Dvorak-basert[endre | endre wikiteksten]

Originale[endre | endre wikiteksten]

Tilpassa andre språk[endre | endre wikiteksten]

Nokre språk nyttar latinsk alfabet, men utan å nytta QWERTY-basert oppsett. Døme er latvisk og tyrkisk (tyrkisk-F). (I tyrkisk er det likevel mest vanleg med QWERTY (tyrkisk-Q).

Oppsett for språk med ikkjelatinske alfabet[endre | endre wikiteksten]

(Meir kjem etter kvart)

Gresk[endre | endre wikiteksten]

Vestarmensk[endre | endre wikiteksten]

Austarmensk[endre | endre wikiteksten]

Oppsett for ikkjealfabetiske språk (språk med andre skriftsystem)[endre | endre wikiteksten]

(Meir kjem etter kvart)

Kinesisk (tradisjonelt)[endre | endre wikiteksten]

Maskiner i Republikken Kina (Taiwan) nyttar ofte tastatur av type Zhuyin (bopomofo). Dette er USA-amerikanske tastatur med bopomofo tastmerking. Mange har dessutan merking for Cangjie-metoden. Cangjie er standardmetoden for hurtigtasting på tradisjonell kinesisk. Bopomofo-typen av tastatur har tastane plassert i leksikografisk rekkjefylgd (tilsvarande alfabetisk rekkjefylgd), frå toppen og nedover og frå venstre til høgre.

Kinesisk (tradisjonelt) tastaturoppsett, eit USA-amerikansk tastatur med Zhuyin, Cangjie og Dayi tastmerking

Merkinga for dei tre tastingsmetodane er vanlegvis trykt slik på tastaturet for tradisjonell kinesisk: Zhuyin (oppe til høgre); Cangjie (nede til venstre); og Dayi (nede til høgre).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]