Tatjana Providokhina
Tatjana Providokhina | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen |
Fødd | 26. mars 1953 (70 år) Leningrad oblast, St. Petersburg |
Idrett | friidrett |
Tok del i | |
Utmerkingar |
Idrettens mester i Sovjetunionen |
Tatjana Providokhina[a] (fødd 26. mars 1953) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Leningrad som tevla for Sovjetunionen på mellomdistansane. Ho vart europameister på 800 meter i 1978 og tok OL-bronse på same distansen i 1980.
Karriere[endre | endre wikiteksten]
Providokhina vann 800 meter i EM i friidrett 1978 i Praha, med uvanleg knapp margin. Ho fekk notert sluttida 1.55,80, medan landsmannen Nadezjda Olisarenko fekk sølvmedaljen, notert til 1.55,82. I same meisterskapen på 4x400 meter stafett sprang dei to kvinnene kvar sin etappe for Sovjetunionen sitt sølvvinnande lag, som kom i mål vel ein sekund bak Aust-Tyskland.
Under sommar-OL 1980 i Moskva revansjerte Olisarenko seg på 800-meteren og vann ein klar siger framom landskvinnene Olga Minejeva og bronsevinnar Providokhina.
Merknadar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Russisk skrift Татьяна Провидохина
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Tatyana Providokhina» frå Wikipedia på engelsk, den 6. september 2014.