Tatjana Tsjernova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tatjana Tsjernova


Statsborgarskap Russland
Fødd 29. januar 1988 (36 år)
Krasnodar
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse

Tatjana Sergejevna Tsjernova (fødd 29. januar 1988) er ein russisk friidrettsutøvar frå Krasnodar som tevlar i mangekamp. Ho vart verdsmeister i sjukamp i 2011, og har vunne bronsemedaljen både under OL 2008 og 2012.

Tsjernova vann sjukamp både under verdsmeisterskapen for ungdom i 2005 og for juniorar i 2006. Ho fekk sitt gjennombrot då ho vann Hypo-stemnet i austerrikske Götzis sommaren 2008 på ny personleg rekord, 6 618 poeng. Seinare same sommaren vart ho nummer tre i sjukamp under Sommar-OL 2008 i Beijing, ein bronsemedalje ho fyrst fekk hand om etter at Ljudmyla Blonska vart diskvalifisert frå andreplassen i tevlinga.

Tsjernova sine plaseringar i sjukamp under friidretts-VM 2009, innandørs-VM 2010 og EM i friidrett 2010, vart annullert då urinprøvene frå 2009-VM vart testa på nytt i 2014. Derimot fekk ho behalde gullmedaljen ho vann under VM i friidrett 2011 i Daegu, der ho gjorde sitt livs sterkaste tevling og enda på 6 880 poeng. Under sommarleikane 2012 i London tok ho si andre OL-bronse i sjukamp.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Rekna frå juli 2013 var Tsjernova utestengd i to år frå friidrett, basert på retestar av urinprøvene frå VM 2009 i Berlin. Dessutan vart alle resultat frå 2009-VM og to år framover annullert av Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]