Tay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tay
elv
Oppover Tay frå sentrum av Perth
Land  Skottland
Tilløp
 - venstre Lyon
 - høgre Almond
Nedslagsfelt 4 970 km²
Lengd 188 km
Middelvassføring 170 /s
Kjelde Allt Coire Laoigh
 - stad Ben Lui, Dei skotske høglanda
 - høgd 720 moh.
 - koordinatar 56°23′07″N 4°47′36″W
Munning Firth of Tay i Nordsjøen
 - stad Mellom Perth og Dundee
 - koordinatar 56°21′18″N 3°17′54″W
Kart
Tay
56°21′17″ N 3°17′31″ W
Wikimedia Commons: River Tay

Tay er ei elv som renn 193 km og er med det den lengste elva i Skottland. Ho har det meste av det sørlege skotske høglandet som nedslagsfelt. Kjelda til Tay er ved fjellet Ben Lui, berre 13 km frå byen Oban på vestkysten, mens elveosen er ved Nordsjøen, rundt 160 km austanfor. Rekna i gjennomsnittleg vassføring (170 m3/s ved Perth) er den største elva på øya Storbritannia.

Elva har fleire namn; den første delen blir kalla Connonish, deretter Fillan og deretter skiftar namnet til Dochart inntil ho flyt inn i innsjøen Loch Tay ved Killin.

Elva renn ut frå Loch Tay ved Kenmore og flyt derfrå til Perth. I historisk tid var dette siste plassen ein kunne krysse elva før havet. Nedanfor Perth blir elva påverka av tidevatnet og renn ut i fjorden Firth of Tay. Den største byen langs elva er Dundee som ligg på nordsida av Firth.

Dei største sideelvene til Tay er Almond, Isla, Braan, Tummel og Lyon. Akkurat som Spey, Dee og Tweed, er Tay ei vidkjend lakseelv.