Te Aroha
Te Aroha | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Waikato | ||
Distrikt | Matamata-Piako | ||
![]() Te Aroha | |||
Wikimedia Commons: Te Aroha | |||
Te Aroha er ein landleg by i Thames Valley i regionen Waikato på New Zealand. Han ligg i distriktet Matamata-Piako. Innbyggjartalet var 3 768 ved folketeljinga i 2006. Byen ligg 53 km nordaust for Hamilton og 50 km sør for Thames. Namnet Te Aroha kjem av maorinamnet på fjellet Mount Te Aroha. I ei maoriforteljing klatra Rāhiri opp på fjellet og såg heimbygda si i det fjerne, og fekk ei kjensle av kjærleik (aroha) for henne. Namnet er ofte attgjeve på engelsk som place of love ('kjærleiksstaden').
Næringsvegar[endre | endre wikiteksten]
Te Aroha ligg midt i eit jordbruksområde med vekt på mjølkeproduksjon, og mykje av aktiviteten i byen dreier seg om tenesteyting til denne verksemda. Turisme er også veksande i byen.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Waihouelva renn gjennom Te Aroha. I nærleiken, mot aust, ligg foten til fjellrekkja Kaimai Ranges, og byen ligg under det 952 meter høge fjellet Mount Te Aroha. Mot nord ligg det sumpaktige låglandet i Hauraki Plains. Sist på 1800-talet var Te Aroha ein kjend badeby dit folk drog for å «ta vatnet». Varme kjelder og mineralvasskjelder ligg i nærleiken av bysentrum, det same også verdas einaste naturlege varme sodavass-kjelde (Mokena).
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Te Aroha» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mai 2008.