Tearaght

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tearaght
Lokalt namn: An Blascaod Mór
Tearaght sett frå Inis Tuaisceart
Tearaght sett frå Inis Tuaisceart
Geografi
Tearaght is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 52°04′33″N 10°39′41″WKoordinatar: 52°04′33″N 10°39′41″W
Øygruppe Blasketøyane

Høgaste punkt Tearaght (200 moh.)

Administrasjon
Land Republikken Irland
Grevskap Kerry

Demografi
Folketal 0

Tearaght eller An Tiaracht (på engelsk The Tearaght, Inishtearaght eller Tearaght Island) er ei øy med bratte sider vest for Dinglehalvøya i County Kerry i Republikken Irland. Ho er den vestlegaste av Blasketøyane og det vestlegaste punktet i Irland. Ho ligg i Atlanterhavet 12,5 km vest for Dinglehalvøya på 10.70ºW.[1]

An Tiaracht er om lag ein kilometer frå aust til vest og 500 meter brei frå nord til sør. Øya er delt inn i to delar, ein større austleg del med ei høgd på 200 meter, og ein vestleg del med ei høgd på 116 meter over havet. Ei smal landtunge med ein naturleg tunnel gjennom går mellom dei to delane.

Som dei andre Blasketøyane har An Tiaracht mykje sjøfugl med internasjonalt viktig koloniar av havlire og havsvale. Stormsvale er òg funne her dei siste åra, men det er ikkje vist at dei hekkar her. Talet på alkefuglar, særleg lundefugl, har variert mykje gjennom åra.

Eit fyr vart bygd på øya i 1870 og automatisert i 1988. Lyshøgda på fyret ligg 84 meter over havoverflata.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ireland - Geographical facts and figures». Travel through the Ireland story... Henta 15. september 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]