Stormsvale
Hopp til navigering
Hopp til søk
Stormsvale | |
![]() Stormsvale | |
Utbreiing og status | |
Status i Noreg: ![]() ![]() Utbreiinga av stormsvale | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormsvalefamilien Hydrobatidae |
Slekt: | Oceanodroma |
Art: | Stormsvale O. leucorhoa |
Vitskapleg namn | |
Oceanodroma leucorhoa |
Stormsvale (Oceanodroma leucorhoa) er ein liten fugl i stormsvalefamilien. Stormsvala har ei normal kroppslengd på 18-21 cm og eit vengespenn på ca. 43-48 cm. Ho er ein svartbrun fugl med gråkvit overgump og kløfta hale. Stormsvala er tydeleg større enn havsvala, som ho liknar med kvitt band over overgumpen på ei elles mørk fjørdrakt.
Stormsvale hekkar på øyar i Nord-Atlanteren, og dessutan frå Japan til Aleutane og øyar utanfor vestkysten av Mexico. Den største kolonien av fuglane finst på Baccalieu-øya aust i Canada, der over 3 millionar par hekker. Første indikasjonen på hekking i Noreg fekk ein då ein koloni vart oppdaga på Røst i Lofoten i 1961. Sikkert bevis for hekking fekk ein først fleire år seinare.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Stormsvale» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Leach's Storm-petrel» frå Wikipedia på engelsk, den 2. desember 2010.