Teaterbygning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herodes Atticus' teater ved Akropolis i Athen

Teaterbygning eller teater (frå gresk θέατρον, theatron, 'tilskodarplass') er ein stad laga for å famføra dramatikk og andre førestillingar. Det viste opphavleg til ein stad der folk kunne samlast for å vera til stades ved skodespelarkunst, song og musikk, religiøse seremoniar o.l.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Teater vart opphavleg bygde slik at sitteplassane danna ein halvsirkel i eit stigande trappemønster ut frå scena. Stiginga i sitteplassane var gjerne bygd inn i naturen, som regel i ein naturleg skråning. Det sentrale punktet i teateret var sjølve scena, som låg nedst og i sentrum. Bak scena var det gjerne bygd ein vegg av mur (store steinar). Dei fleste teater hadde ikkje tak, men var det ein i dag vil kalla utandørsteater.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ahlstrand, Jan Torsten.; Arkitekturtermer. Lund: Studentlitteratur, 1976, ISBN 91-44-02852-0