Teieskogen
Utsjånad
59°15′22.504″N 10°23′40.909″E / 59.25625111°N 10.39469694°E
Teieskogen er ein skog på Teie i Færder kommune i Vestfold. Han ligg nord på øya Nøtterøy og grensar til Teie sentrum i aust, Vestskogen i sør, Rambergåsen i vest og Valhalla i nord. Det høgaste punktet i Teieskogen er på 87,1 meter over havet.[1]
Teie idrettspark ligg i Teieskogen. I den sørlege utkanten av skogen ligg òg Teigar ungdomsskole og Nøtterøyhallen.
I Teieskogen er det to freda kulturminne, i form av to holvegar frå mellomalderen.[2] Det er også funne restane av ein husmannsplass frå rundt 1800, og skyttargravar som blei grave ut av russiske krigsfangar og bruka av tyskarane under andre verdskrig.[3]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Toppomania – Kart over Teieskogen, arkivert frå originalen 12. desember 2013, henta 7. desember 2013
- ↑ Kulturminnesøk – Teieskogen
- ↑ «Fant skyttergrav og husmannsplass i Teieskogen», Tønsbergs Blad, 20. mai 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Turorientering i Teieskogen Arkivert 2013-12-10 ved Wayback Machine.