Telfs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Telfs, med 2 662 moh høge Hohe Munde til høgre

Telfs er ein kommune i distriktet Innsbruck Land i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 45,5 km² og vel 15 000 ibuarar (2016).

Meir enn 14 000 av folket bur i byen Telfs, den mest folkerike i Oberinntal, 634 meter over havet og 27 km vest for byen Innsbruck. Ein stor del av folketilveksten i Telgs har kome gjennom arbeidsinnvandring i tida etter 1980. Nye bydelar har vakse fram, særleg i tidlegare skogsområde ved foten av fjellet Hohe Munde.

Produksjon av industrivarer og elektrisk energiforsyning er viktigaste inntektskjeldene i Telfs.

Telfs er eit trafikknutepunkt sidan byen ligg nær vegen gjennom Inndalen til både Fernpasset og Außerfern i nordvest, og til Seefeld og Bayern med Garmisch-Partenkirchen i nordaust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]