Telinet Energi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Telinet Energi AS er eit norsk energileverandørsselskap som vart etablert i 2003.

Selskapet er miljøsertifisert gjennom ordninga Miljøfyrtårn og er klimanøytralt.[treng kjelde] Bedrifta tilbyr 100% fornybar energi gjennom opphavsgaranti på straum til både private hushald og bedrifter.

Telinet sel produkt innan ENØK som anten skal redusere straumforbruket eller vere elektriske alternativ til produkt som i dag nyttar andre energikjelder gjennom dotterselskapet Telinet Miljøprodukter AS. Salet av el-syklar gjerast på eit eige nettsted el-sykkel.no. I Sverige er selskapet inne på slutbrukarmarknaden gjennom dotterselskapet Telinet Energi AB. Telinet er produsent av fornybar energi, og har vindkraftverk på Öland i Sverige.

Telinet Energi har hatt førsteplass på Konkurransetilsynets oversyn over spotpris  sidan veke 24 i 2012. På Konkurransetilsynets oversyn over standard variabel pris har Telinet Energi hatt den lågaste gjennomsnittlege prisen i 2011, 2012, 2013 og 2014.

Organisasjonsform: Aksjeselskap
Org.nr: 985 283 648
Etablert: 10. januar 2003
Bransje: elektrisk energi

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]