Tema:London/Utvald artikkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
{{{2}}}

London Underground ofte berre kalla the Underground eller the Tube) er eit kollektivtransporttilbod som består av elektriske tog som køyrer i tunnelar under det sentrale London og i dagen gjennom forstadane til byen. Den første strekninga blei opna i 1863, noko som gjer banen til det eldste metrosystemet i verda.

Sidan 2003 har undergrunnsbanen vore ein del av Transport for London (TfL), som også har det overordna ansvaret for koordinasjon og planlegging av bussrutene i byen, trikkelinjer, Docklands Light Railway, bussterminalen Victoria Coach Station, regulering av taxi-tenester og eit fåtal lokale jernbaneliner i byen. Tidlegare blei undergrunnsbanen drive av London Regional Transport, som var direkte underlagt dei nasjonale myndigheitene.

Det er pr. februar 2007 268 opne stasjonar, og meir enn 408 km med liner som er i bruk. Banen fraktar omkring tre millionar passasjerar dagleg; i åra 1999 og 2000 blei det gjort tilsaman 927 millionar reiser, og i 2007 reiste over ein milliard med banen. I tillegg til dei opne stasjonane finst det fleire eldre stasjonar som er nedlagde. Les meir...