Transport for London

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logoen til Transport for London. Alle einingar under etaten har same logo i forskjellige fargevariasjonar
Windsor House, hovudkontoret til Transport for London.

Transport for London (TfL) er den offentlege etaten som har ansvar for transportsystemet i London. TfL blir leia av eit styre utnemnd av borgarmeisteren, som òg er formannen i styret.

Transport for London gjennomfører transportpolitikken til byen og forvaltar dei transporttenestene som borgarmeisteren i London har ansvar for. Etaten inngår kontrakt med private verksemder som skal stå for drift av kollektivtransport etter eit tilbodssystem, opererer mellom anna bussane, undergrunnsbanen, trikkar og elvebåtar i i London, eig jarnbanenettverket London Overground, og regulerer drosjetenestene. Etaten har òg ansvar for 580 km med hovudvegar og alle dei 4.600 trafikklysa i byen.