Tepui
| Tepui | |||
| fjell | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Tepui 4°59′38″N 60°36′27″W / 4.993889°N 60.6075°W | |||
| Wikimedia Commons: Tepuis | |||
Tepui er ei nemning for platåfjell som finst i høglandet Guayana, dei fleste i Venezuela. Desse geologiske formasjonane ligg ikkje i typiske fjellkjeder, men reiser seg opp spreitt over høglandet. Området huser ei unik samling av endemiske planteartar og dyreartar. Nokre av dei finaste døme på tepui er Autana, Auyantepui og Roraima. Dei er fjell i prekambrisk sandstein, vanskelege å klatre, reiser seg bratt opp frå jungelen og utgjer eit særs iaugefallande naturlandskap. Auyantepui har vasskjelda til Angelfossen, verdas høgste foss.
Morfologi
[endre | endre wikiteksten]


Tepuiane er restane av eit stort sandsteinsplatå som ein gong dekte grunnfjellet mellom den nordlege grensa til Amazonasbassenget og Orinoco, frå Atlanterhavskysten til Rio Negro. Området høyrer til restane av superkontinentet Gondwana.[1] Platået byrja å bli brote ned av erosjon for om lag 300 millionar år sidan, og for rundt 70 millionar år sidan vart tepuiane danna som attståande erosjonsrestar.[2]
Det finst 115 slike fjellplatå i Gran Sabana søraust i Venezuela, på grensa mot Guyana og Brasil, der konsentrasjonen av tepuiar er størst. Dei bratte fjellplatåa reiser seg opptil 1000 meter over landskapet omkring. Tepuiar finst i høgder frå om lag 1000 til 3000 meter over havnivå,[3] og den samla flata til alle tepuiane er kring 5000 km².[4]
Trass i at dei består av sandstein og kvartsitt, har somme tepuiar utvikla landskapsformer som liknar karst, med grotter og synkehol. Dette kjem av at vatn over lang tid har grave ut sprekker og tunnelar i berget. Mellom dei mest kjende er Abismo Guy Collet, verdas djupaste grotte i kvartsitt med ei djupn på 671 meter. Nokre tepuiar har òg store synkehol med opptil 300 meter i diameter og 300 meter djupe, loddrette vegger. Desse oppstår når taket over underjordiske elveløp kollapsar.
Flora og fauna
[endre | endre wikiteksten]
Tepui-platåa er fullstendig isolerte frå vegetasjonen nedanfor og fungerer som økologiske øyar.[2] Den store høgda gjev eit kjøligare og våtare klima enn i låglandet, og gjennom millionar av år har dette ført til utvikling av ei rekkje artar som berre finst her. Mange plantar og dyr er endemiske for éin enkelt tepui, og somme synkehol på tepuiar har eigne artar som ikkje finst andre stader. Tepuiane blir ofte omtala som ein distinkt biogeografisk region med namnet pantepui.[5]
På grunn av det høge talet på unike artar vert tepuiane ofte kalla «Galápagosøyane på fastlandet». Den næringsfattige sandsteinen har ført til utvikling av mange kjøtetande plantar, mellom anna soldogg (Drosera) og dei fleste artane i slekta Heliamphora i flugetrompetfamilien, i tillegg til eit stort mangfald av orkidéar og bromeliar. Det forvitra bergunderlaget gjer at det nesten ikkje blir danna humusjord.
Tidlegare meinte forskarar at dei mange endemiske artane var restar frå eit eldre plante- og dyreliv som vart isolert då platået vart brote opp.[6] Nyare genetiske studiar syner likevel at fleire artar har kolonisert tepuiane frå låglandet etter at fjella vart danna, og deretter utvikla seg til eigne artar.[7]
Det biologiske mangfaldet på tepuiane er framleis dårleg kartlagt, og mange artar ventar framleis vitskaplege skildringar.[8] Somme tepuiar er dekte av skyer store delar av året, noko som gjer feltarbeid vanskeleg.
Dei første store botaniske utforskingane av tepuiane vart gjennomførte på 1800-talet av mellom andre Alexander von Humboldt, Aimé Bonpland og Robert Hermann Schomburgk. Frå 1950-åra leidde Julian Steyermark og Bassett Maguire eit omfattande forskingsprogram om Guyanaskjoldet. Resultatet vart bokverket Flora of the Venezuelan Guayana (1995–2005), som skildrar 2447 karplanteartar frå Pantepui, der om lag 42 % er endemiske og opptil ein firedel berre finst på eitt enkelt fjell. Mellom 2011 og 2014 vart det òg gjennomført fleire botaniske ekspedisjonar til brasilianske tepuiar.[5]
Mange av tepuiane ligg i Canaima nasjonalpark, som står på UNESCO si verdsarvliste.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Désamoré, Aurélie; Vanderpoorten, Alain; Laenen, Benjamin; Gradstein, Robbert; Kok, Philippe (September 2010). «Biogeography of the Lost World (Pantepui region, northeastern South America): Insights from bryophytes». Phytotaxa. 9 (30): 255. doi:10.11646/phytotaxa.9.1.14. ISSN 1179-3163. Henta 11. juli 2026.
- 1 2 Zimmer, Carl. It’s Not So Lonely at the Top: Ecosystems Thrive High in the Sky, The New York Times website, May 7, 2012, and published in the New York edition, p. D3 on May 8, 2012.
- ↑ «Tepuis». Terrestrial Ecoregions. World Wildlife Fund.
- ↑ Rull, Valenti (18 May 2005). «Biotic diversification in the Guayana Highlands: a proposal». Journal of Biogeography. 32 (6): 921–927. doi:10.1111/j.1365-2699.2005.01252.x.
- 1 2 Gomes Barbosa-Silva, R., Labiak, P.H., Dos Santos Bragança Gil, A. et al. Over the hills and far away: New plant records for the Guayana Shield in Brazil. Brittonia 68, 397–408 (2016). https://doi.org/10.1007/s12228-016-9435-3
- ↑ Chapman, F. M. (1931). «The upper zonal bird-life of Mts. Roraima and Duida». Bulletin of the American Museum of Natural History. 63: 1–135. hdl:2246/983.
- ↑ Salerno, P. E.; Ron, S. R.; Señaris, J. C.; Rojas-Runjaic, F. J. M.; Noonan, B. P.; Cannatella, D. C. (2012). «Ancient Tepui Summits Harbor Young Rather Than Old Lineages of Endemic Frogs». Evolution. 66 (10): 3000–3013. doi:10.1111/j.1558-5646.2012.01666.x. PMID 23025594. S2CID 205783918.
- ↑ «Conquering a virgin Venezuelan tepui, The Sunday Times; November 2007». Timesonline.co.uk. Arkivert frå originalen June 29, 2011. Henta 11. juli 2026.
- Denne artikkelen er byggjer på «Tepui» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juli 2026
