Terje Aarset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terje Aarset
Fødd7. desember 1945
Ørsta
NasjonalitetNoreg
Yrkefilolog

Terje Inge Aarset (fødd 7. desember 1945) er ein norsk filolog som er professor i norsk språk ved Høgskulen i Volda.

Aarset er fødd i Årsetdalen på Vartdal i Ørsta kommune. Han tok examen artium i Volda i 1966, og lærareksamen på same stad i 1968. Han tok hovudfag i nordisk på Universitetet i Trondheim i 1974, og han har også universitetsutdanning i tysk. I 2009 gav han ut praktverket Den nynorske songskatten, som av lesarane til Dag og Tid vart kåra til årets nynorskbok same året.

Terje Aarset har teke initiativet til å gi ut fleire eldre bøker på nytt. Han har mellom anna vore medredaktør til nyutgåver av skrifter av Ivar Aasen. Han har skrive bibliografiar og samla bakgrunnsstoff til biografiar og diktsamlingar av andre forfattarar. Han skriv og artiklar i aviser, særleg om forfattarar, dikt og songar.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Utgjeve åleine[endre | endre wikiteksten]

Saman med andre[endre | endre wikiteksten]

  • Ivar Aasen: Ordbok over det norske Folkesprog. Ny utgåve saman med Kristoffer Kruken (2000)

Bibliografiar og opplysningar[endre | endre wikiteksten]

  • Steinar Buset: Eg ser ei dagrand-. Dikt og prosa i utval. (1980) Bibliografi s. 55-62
  • Arnt Eikremsvik: Det høyrest sus av vengjeslag. (198) Redigert saman med Heidi Eikremsvik. Bibliografi, ordforklaring med meir s. 75-88

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]