Terrakottahæren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terrakottahæren.

Terrakottahæren er ei samling av terrakottaskulpturar, ei avbilding av hærstyrkane åt Qin Shi Huangdi, den første keisaren av Kina. Terrakotta er ein type hard leire. Dette er gravkunst frå år 210 eller 209 f.Kr. og hadde som føremål å verne keisaren i livet etter døden.

Terrakottahæren vart oppdaga av bønder som skulle grava ein brunn i 1974 og deretter graven ut av arkeologar. I dag er hæren gjort til museum, og ligg ved byen Xian i Shaanxi i Folkerepublikken Kina. Terrakottahæren er plassert på UNESCO si verdsarvliste.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.