Shaanxi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shaanxi si plassering i Kina

Shaanxi (kinesisk skrift 陕西, pinyin Shǎnxī) er ein provins i Folkerepublikken Kina. Han ligg i dei sentrale delane av Kina. Delar av løssplatået ligg i provinsen og Huang He renn gjennom han, dessutan kryssar Qinlingfjella provinsen i sør. Shaanxi er, ved sidan av Gansu, opphavsstaden til språket til dungan, eit hui-folk som vandra ut av Kina til Sentral-Asia. Provinsen dekker ei flatevidd på 205 800 km². Folketalet vart i 2009 rekna til 37,72 millionar. Xi'an er hovudstad i provinsen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nordparten av Shaanxi er del av ein ørken som dominerer store delar av Indre Mongolia. Dei sentrale delane av provinsen er prega av løssjord. Qinlingfjella strekker seg frå aust til vest i dei sørlege, midtre delane av provinsen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Det nordlege Shaanxi er kaldt om vinteren, og svært varmt om sommaren. Vinter og vår er turre årstider. Sør for Qinlingfjella er klimaet subtropisk, denne delen av provinsen får størst nedbørsmegd.

Årleg middeltemperatur er mellom 9 og 16 °C. For januar er spennet mellom −11 °C til 3,5 °C, i juni varierer middeltemperaturen frå 21 °C til 28 °C.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Befolkninga består av 99,5 % hankinesarar. Eit muslimsk folk, hui, vandra truleg inn under Tang-dynastiet, og utgjer 0,4 % av folketalet.

Administrasjonseiningar[endre | endre wikiteksten]

Shaanxi er delt inn i 10 einingar på prefekturnivå; ein subprovinsiell by og ni byprefektur.

Kart # Namn Hanzi Pinyin Administrativt sete Type
Shaanxi prfc map.png
1 Xi'an 西安市 Xī'ān Shì Weiyang Subprovinsiell by
2 Ankang 安康市 Ānkāng Shì Hanbin Byprefektur
3 Baoji 宝鸡市 Bǎojī Shì Weibin Byprefektur
4 Hanzhong 汉中市 Hànzhōng Shì Hantai Byprefektur
5 Shangluo 商洛市 Shāngluò Shì Shangzhou Byprefektur
6 Tongchuan 铜川市 Tóngchuān Shì Yaozhou Byprefektur
7 Weinan 渭南市 Wèinán Shì Linwei Byprefektur
8 Xianyang 咸阳市 Xiányáng Shì Qindu Byprefektur
9 Yan'an 延安市 Yán'ān Shì Baota Byprefektur
10 Yulin 榆林市 Yúlín Shì Yuyang Byprefektur

Dei 10 einingane på prefekturnivå er oppdelt i til saman 107 einingar på fylkesnivå (24 distrikt, 3 byfylke og 80 fylke). Desse er vidare oppdelt i 1 745 einingar på kommunenivå (917 bykommunar, 680 landkommunar og 148 subdistrikt).

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Landbruket skil seg mykje frå einannan, alt etter kvar ein er i provinsen. I Guanzhongdalen dyrkar ein hirse om sommaren og kveite om vinteren, bomull m.m. Husdyrhaldet er ganske omfattande, der esel og muldyr spelar ei viktig rolle i transporten. Ris og silke er viktigaste jordbruksprodukta.

Sørdelen av provinsen høyrer til det sørvestlege høglandet og kar-området, og er prega av dobbel innhausting, våtfeltsjordbruk og skogbruk. Mesteparten av dyrkamarka ligg under 900 meter over havet. På den lågtliggjande Hanzhongsletta er det intensiv risdyrking, etterpå plantar ein haustkveite. I fjellområda i Qin er mais og haustkveite dei viktigaste avlingane. Subtropiske avlingar som te, olje- og sitrusfrukter vert dyrka, og ei rekke andre frukter.

Weidalen er intensivt dyrka, og gjev føde til den tettfolka landsbygda. Meir enn halvparten av flatevidda er jordbruksareal. Dalen produserer ein større del ris, vinterkveite, tobakk og bomull, medan hirse, bygg, og mais vert stadig viktigare avlingar. I høgareliggjande område er hirse, havre og bokkveite dei vanlegaste kornslaga. Hamp, sesam, sukkerrøyr og raps er viktige avlingar, særleg i dei øvre delane av Wei- og Jingdalane. Ein haustar opptil tre avlingar annakvart år.

Det nordlege platået er derimot ein del av dei turre beitemarkane i Indre Mongolia. Beiting er særleg viktig aller nørdst og vest. Vårsådd kveite og hirse er dei viktigaste kornsortane, tilgangen på vatn er minimumsfaktoren for desse. Vekstsesongen er så kort at ein haustar berre ei avling pr år.

Det nordlege Shaanxi har elles rike reservar av olje og kol. Tre statlege oljeselskap råder over oljeressursane i provinsen, provinsstyresmaktene har ingen kontroll over desse. Kolreservoara i Shaanxi vert drive av ulike private selskap. Styresmaktene i byen Yan'an fordeler kolressursane. Kolgruver finst også fleire stader i sør. Naturgass vert utvunne ved Shaanganningfeltet ved grensa mot Gansu og Ningxia. Salt vert utvunne nordvest i provinsen.

Industrien har vore basert på foredling av lokale råvarer som bomull. Xi'an er ein skule- og universitetsby med allsidig industri. Større industri finn ein òg i Xianyang og Baoji, lengst vest i Guanzhongdalen, og i Hanzhong, endepunktet for båttransporten på elva Han.

Xi'an er eit av Kinas største turistmål.

Longhaibanen, ei av dei viktigaste aust–vest-gåande jarnbanelinjene i Kina, går gjennom Shaanxi.

Terrakottahæren frå Qin-dynastiet, 210 f. Kr., oppdaga i 1974 i Lintong-distriktet i Xi’an i Shaanxi

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste menneska busette seg i Shaanxi for om lag 1,15 millionar år sidan, for seinare å trenge austover langs Huang He. Shaanxi vert halde for å vere ei av dei viktigaste voggene til den kinesiske sivilisasjon. Over 13 dynasti har hatt sine residensar i området, mellom dei Zhou-, Qin-, Han- og Tang-dynastia.

Den 2. februar 1556 vart provinsen råka av det ein meiner må ha vore det kraftigaste jordskjelvet i historia. Også naboprovinsane vart råka, og 830 000 menneske omkom.

Under dunganoppstandane vart provinshovedstaden Xi’an i 1862 omringa av taipingopprørarar som trengde inn i provinsen frå sør, året etter av muslimske huikinesarar. Fram til 1872 kontrollerte huikinesarar særleg provinsens nordlege og vestlege delar, men også nokre område sørpå, samt andre delar av det nordlege Kina. Under desse muslimske oppstandane vart mange millionar drepne, både hui- og hankinesarar. Då stridane ebba ut, var det svært få muslimar att i Shaanxi.

Mot slutten av 1911 erkærte provinsen Shaanxi seg uavhengig frå den keisarlege sentralregjeringa. Etter Republikken Kina vart oppretta, var Shaanxi frå 1916 borgarkrigsslagmark mellom «dei nordlege militaristane», kuomintangstyrkar og kommuniststyrkar. Rundt 1920 dominerte «Anhui-klikken» Shaanxi, men rundt 1924 styrte Zhiligeneralane og i 1926 Kuominchun. I den nordlege delen av provinsen etablerte kommunistane sitt sterke støttepunkt i og rundt Yan'an i 1935, området var endepunktet for Den lange marsjen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]