Terrorplanlegginga mot Via Rail Canada i 2013
Utsjånad
Terrorplanlegginga mot Maple Leaf vart gjort kjend 22. april 2013 av Royal Canadian Mounted Police. Chiheb Esseghaier og Raed Jaser skulle bruke eksplosivar for å spore av Via Rail/Amtrak-toget Maple Leaf som går mellom Toronto i Canada og New York i USA.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Dei to mennene var knytte til ein al-Qaida-gruppe i Zahedan i Iran. Esseghaier, ein student ved Institut National de la Recherche Scientifique utanfor Montreal, og Jaser, busett i Toronto, vart arrestert etter ei eitt år lang felles gransking mellom kanadiske og amerikanske tenestemenn, inkludert medlemmar frå RCMP, Canadian Security Intelligence Service (CSIS), Canada Border Services Agency (CBSA) og Federal Bureau of Investigation (FBI).[1][2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Toronto train bombing plot» frå Wikipedia på engelsk, den 29. april 2013.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Rocha, Euan; Alastair Sharp (22. april 2013). «Canada thwarts "al Qaeda-supported" passenger train plot» (på engelsk). Reuters Canada. Henta 29. april 2013.
- ↑ Macdonald, Alaistair; Siobhan Gorman; David George-Cosh (22. april 2012). «Canada Thwarts Alleged Plot to Attack Train». Wall Street Journal. Henta 29. april 2013.