Tessera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mosaikk der ein lett kan sjå kvar einskild tessera

Tessera var firkanta merke av bronse, terrakotta, bein eller anna materiale som vart nytta i antikken som inngangsbillett, spelemerke, kvittering og liknande.

Nemninga tessera (eller diminutiv: tessella) er dessutan nytta som faguttrykk for kvar av dei små og vanlegvis terningforma bitane av metall, stein, glas, keramikk, glas med eit metall-lag, eller av anna materiale, som mosaikkar vert sett saman av. Å dekkje eit plan med uendeleg mange geometriske figurar som ikkje har ope rom mellom seg, vert kalla tessellering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]