Thabo Mbeki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thabo Mbeki
(Foto:Antonio Milena/ABr)

Thabo Mvuyelwa Mbeki (fødd 18. juni 1942) var den andre presidenten i Sør-Afrika frå African National Congress (ANC).

Mbeki blei fødd i Idutywa i Transkei. Han var i politisk eksil frå 60-talet til ANC vart legalisert i 1990 og studerte økonomi ved University of Sussex. Han var visepresident i landet mellom 1994 og 1999 og vart vald til president i 1999 og deretter gjenvald i 2004.

Trass i at han tidlegare var medlem av det sørafrikanske kommunistpartiet har han i stadig større grad vorte assosiert med nyliberalistisk økonomisk politikk, og vert rekna som arkitekten bak det sørafrikanske økonomiske reformprogrammet GEAR som har vore offisiell regjeringspolitikk sidan 1996.

Internasjonalt vart han òg kjend for det kontroversielle synet sitt på AIDS, han støttar seg til ei mindre gruppe vitskapsmenn som meiner at HIV-viruset ikkje er årsak til AIDS. I staden har han ved fleire høve ymta om at dei helsemessige konsekvensane ekstrem fattigdom fører med seg, som underernæring, kan vere ei av årsakene til sjukdomen.

Spire Denne samfunnsartikkelen som har med Sør-Afrika å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.