ANC

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

ANC, African National Congress, heitte opphavleg (til 1923) South African National Congress. ANC har vore regjeringsparti i Sør-Afrika sidan raseskiljepolitikken apartheid blei avskaffa og demokratiske val blei innført i landet i 1994.

Partiet blei danna 8. januar 1912, og har heile tida kjempa for at lovene skal vere like for alle same kva «rase» dei høyrer til. ANC er konsekvent anti-rasistisk, og har heile tida hatt kvite medlemmer attåt dei farga av asiatisk opphav og dei svarte afrikanarane.

I denne kampen har ANC i hovudsak bruka fredelege protestaksjonar når det har vore mogleg, men også væpna aksjonar når det har vore nødvendig. ANC si væpna grein heitte Umkhonto we Sizwe, Spydet til Nasjonen.

ANC kan i nyare tid sjåast som den parlamentariske delen av ein allianse mellom seg sjølv, Det sør-afrikanske kommunistpartiet SACP og fagrørsla COSATU. I det siste har denne alliansen vist teikn på slitasje, på grunn av usemje om den økonomiske politikken, der kommunistane og fagrørsla er misnøgde med den rådande marknadsliberalismen.

Den mest namngjetne ANC-leiaren er sjølvsagt Nelson Mandela, som leidde landet til fridom enda han sjølv sat i fengsel, dømd for «terrorisme». Mandela blei første presidenten i det frie Sør-Afrika i 1994, etter ANC vann det første valet der alle vaksne hadde stemmerett. Han blei i 1999 avløyst av Thabo Mbeki, også frå ANC.