Thaksin Shinawatra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thaksin Shinawatra

Thaksin Shinawatra (fødd 26. juli 1949), thai ทักษิณ ชินวัตร, er ein thailandsk politikar, leiaren av populistpartiet Thai Rak Thai og fram til september 2006 statsministeren i landet. Som sjef for firmaet Shin Corporation, som kontrollerer m.a. den største mobiltelefonoperatøren i landet, Advanced Info Service, er han òg Thailands rikaste person.

Thaksin er ein tidlegare overløytnant i det thailandske politiet, med ein master in criminal justice frå Eastern Kentucky University, USA og ein Ph.D. frå Sam Houston State University, USA.

Partileiar i det politiske partiet Palang Dharma frå 1996, og leiar for Thai Rak Thais frå 1998. Fekk sin første regjeringspost i 1994, då han tente som utanriksminister. Han vart statsminister 9. februar 2001.

Omstridd[endre | endre wikiteksten]

Thaksin Shinawatra er ein omstridd toppolitikar i Thailand, men har lenge hatt stor stønad i delar av folkesetnaden.

I byrjinga av 2006 vart Thaksin utsett for massiv kritikk etter at han selde eit telekom-selskap og tente eit milliardbeløp utan å skatte for inntektene. Kritikken førte til ei politisk krise for Thaksin, som vart tvungen til å lyse ut nyval i landet for å prøve å skaffe mandat til å halde fram som statsminister. Han vann valet som vart boikotta av opposisjonen.

Den 19. september 2006, medan Thaksin var i eit SN-toppmøte i New York, blei han avsett i eit militærkupp.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]