Tiggeroperaen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå The Beggar's Opera)
Tiggeroperaen
The Beggar's Opera

Forfattar(ar)John Gay
Språkengelsk
Tilverting1727
Sjangerballadeopera
Utgitt18. hundreåret
Uroppføring1728

Tiggaroperaen (engelsk The Beggar's Opera) er ein satirisk balladeopera skriven i 1728 av John Gay.[1] Musikken av Johann Christoph Pepusch[2] byggjer for det meste på populære, folkelege melodiar frå samtida, som balladar, opera-ariar, salmar og folkemusikk. Stykket var eit vasskilje i det britiske dramaet på 1700-talet og er det einaste dømet av den ein gong så blomstrande sjangeren balladeopera som framleis blir i dag sette opp. Balladeopera var satiriske musikkspel, eller farsar med innslag av musikk og dans, som nytta konvensjonane til operaen, men utan resitativet frå denne.[3][4]

Målet for satiren var mellom anna den leiande politikaren Robert Walpole, og den notorisk kriminelle Jonathan Wild. Operaen handlar òg om sosial urettvise i stor skala, i hovudsak ved å samanlikna «lågklasseborgere» som tjuvar og horer med dei aristokratiske motpartane deira.

Nøyaktig 200 år seinare, i 1928, skreiv Bertolt Brecht (ord) og Kurt Weill (musikk) ein musikal basert på Tiggeroperaen kalla Tolvskillingsoperaen.[5]

Stykket er gjendikta til norsk av André Bjerke.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Contemplator's Short History of John Gay and the Beggar's Opera
  2. The Beggar's Opera, AllMusic
  3. Musical Background – Artikkel om ballad opera-sjangeren og spesielt om The Beggar's Opera.
  4. Breitholtz, Lennart (1979): Epoker og diktere, Vestens litteraturhistorie 2, Oslo, s. 14
  5. The Threepenny Opera, Benchtheatre
  6. Gay, John; Bjerke, André ([1728] 1977): Tiggeroperaen: en operaballade. Oslo: Aschehoug. ISBN 9788203088568.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]