The Flintstones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Flintstones
Norsk tittel: Familien Flint
The Flintstones logo.svg
Typefjernsynsserie, animert fjernsynsserie, Teiknefilm
Sjangersituasjonskomedie, fantasy-tv, komiserie
OpphavslandUSA
ProduksjonslandFlag of the United States.svg USA
Introduksjonsår1960
Sesongar6
Episodar166
Lengd25 min.
SpråkEngelsk
SkaparWilliam Hanna
Joseph Barbera
ProdusentWilliam Hanna
Joseph Barbera
MusikkHoyt Curtin
RøysterAlan Reed
Jean Vander Pyl
Mel Blanc
Bea Benaderet (1960-1964)
Gerry Johnson (1964-1966)
Don Messick
John Stephenson
Verna Felton
Doug Young
June Foray
Howard Morris
Periode30. september 1960–
1. april 1966
KanalABC
Biletformat480i (SDTV)
LydformatMono

The Flintstones (norsk tittel: Familien Flint) er ein amerikansk teiknefilmserie som går føre seg i steinalderen. Det er ein parodi på det amerikanske forstadslivet på midten av 1900-talet, der dinosaurar, sabeltanntigrar, mammutar og liknande dyr lever i lag med berrrføtte holebuarar som nyttar teknologi frå våre dagar laga av steinalderens råvarar medan det er dyra som står for drivkrafta av dei. Serien fylgjer Fred og Wilma Flinstone og naboande deira, Barney og Betty Rubble.

The Flintstones gjekk på amerikansk fjernsyn fyrste gong frå 1960 til 1966. Det var animasjonsføretaket Hanna-Barbera Productions som produserte serien. Opphavleg var teikneserien mynta på vaksne personar. Sigarettmerket Winston sponsa den første sesongen og karakterane dukka opp i fleire reklamefilmar i svart/kvitt for Winston. Etter seks sesongar vart serien lagt ned i 1966, men ei rekkje serieproduksjonar baserte på serien har vore laga. i 1994 kom kinofilmen The Flintstones og i 2000 kom oppfylgjaren The Flintstones in Viva Rock Vegas.

Familien Flintstone vert sendt med norsk tale på Boomerang. NRK har tidlegare også vist serien, i originalversjonen, med norske undertekstar.