The Last of Us

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Last of Us
Utviklar(ar) Naughty Dog
Utgjevar(ar) Sony Computer Entertainment
Utgjeve
Sjanger Action-eventyrspel,
survival horror
Spelemodus Enkeltspelar, fleirspelar

The Last of Us er eit survival horror-spel som er utvikla av Naughty Dog og utgjeve av Sony Computer Entertainment. Det vart lansert internasjonalt på PlayStation 3 den 14. juni 2013.[1]

Spelet går føre seg i USA i ei post-apokalyptisk framtid, og fortel historia om to personar, Joel og Ellie, som samarbeider for å overleve ei ferd over det som står att av landet og finne ein mogleg kur for ein herjande soppinfeksjon som nesten har utsletta heile menneskja.

The Last of Us har fått god kritikk for manuset, stemmeskodespelet, designen, musikken og grafikken i spelet. Spelet er rekna som ein av dei viktigaste titlane som kom ut i 2013, og har motteke over 200 «Årets spel»-prisar frå aviser, tidsskrift og nettstader. Det var også ein kommersiell suksess og selde over 1,3 millionar eksemplar den første veka etter lanseringa. The Last of Us har i juli 2014 selt over 7 millionar eksemplar verda over.

Ein nedlastbar episode med ekstra innhald, Left Behind, kom ut 14. februar 2014. Ei oppdatert utgåve av spelet, The Last of Us Remastered, vart lansert i 2014 på PlayStation 4. Denne utgåva kom ut 29. juli i Nord-Amerika og 30. juli i Europa.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]