The Late Show with David Letterman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

The Late Show with David Letterman, kalla David Letterman-show på norsk, er eit timelangt komi- og prateprogram produsert og leia av David Letterman frå Ed Sullivan-teateret på Broadway i New York. Programmet debuterte 30. august 1993 og vert sendt av CBS i USA og TVNorge i Noreg. Programmet vart og vist hjå NRK 2 nokre år. Programmet sin musikkdirektør og leiar av husbandet The CBS Orchestra er Paul Shaffer.

Ifylgje august 2004-utgåva av programmet sitt interne nyhendebrev har The Late Show, i løpet av dei 11 åra, hatt 2264 sendingar, 4082 gjestar og 1668 musikalske opptredenar.

Letterman involverer ofte staben til programmet i sketsjar, blant andre Shaffer, programannonsør Alan Kalter, inspisient Biff Henderson, scenearbeidarane Pat Farmer og Kenny Sheehan, plakatgut Tony Mendez og assistent Stephanie Birkitt. Rupert Jee som er eigaren av butikken Hello Deli er og med i forskjellige innslag.

Mor til programleiar David Letterman, Dorothy Letterman(no Mengering) er og til tider på skjermen. I mange år var ho berre med via telefon, men i 1994 gjorde ho debut på tv-skjermen under OL på Lillehammer. Der hadde ho et intervju med blant andre Hillary Clinton. Ho var og Letterman si utsending til OL i 1998, Nagano, Japan og 2002 Salt Lake City, Utah, då saman med Biff Henderson. Ho pleier og å komme til programmet rundt morsdagen og bursdagen hennar.

Eit tidlegare «crew-medlem» Calvert DeForest også kjent som Larry «Bud» Melman var ofte brukt i sketsjar. Han var med frå starten på NBC i 1982, der han brukte namnet Larry "Bud" Melman) og blei også med David Letterman over til CBS i 1993. Der måtte han ta i bruk sitt verklege namn: Calvert DeForest. Han var med heilt fram til 2002.

Nordmenn som har gjesta Late Show[endre | endre wikiteksten]

Sissel Kyrkjebø (2 gonger), Maria Mena, Liv Arnesen, Mona Grudt og Sondre Lerche er dei 5 norske som har opptrådt hjå David Letterman. Eskil Rønningsbakken var invitert, men droppa opptredenen sin i protest på grunn av politiske standpunkt.

Regelmessige segment[endre | endre wikiteksten]

  • Top Ten List
  • CBS Mail Bag
  • Stupid Pet Tricks
  • Pat & Kenny Read Oprah Transcripts
  • Know Your Current Events
  • Will It Float?
  • Is This Anything?
  • Dr. Phil's Words of Wisdom
  • Trump or Monkey?
  • Dwight the Troubled Teen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]