Liv Arnesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liv Arnesen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. juni 1953 (70 år)
Bærum kommune
Yrke oppdagar, skribent, mental trener
Språk engelsk
Nettstad http://www.livarnesen.com/
Liv Arnesen på Commons

Liv Ragnheim Arnesen (fødd 1. juni 1953 i Bærum) er ein norsk pedagog, forfattar og eventyrar.

I 1992 kryssa ho og Julie Maske Grønlandsisen, som dei fyrste kvinnene utan støtte. Dette var 560 km på 23 døgn. To år seinare, i 1994, gjekk ho som fyrste kvinne på ski til Sørpolen åleine og utan hjelp undervegs. Denne turen tok 50 dagar og var over 1200 km lang. I 1996 klatra ho nordsida av Mount Everest til 1 900 meter før toppen før ho fekk høydesjuke og måtte snu. I 20002001 kryssa Arnesen, saman med amerikanske Ann Bancroft, Antarktis på ski, som dei fyrste kvinnene. Turen deira tok 94 dagar og var 2747 km lang.

Arnesen har også undervist ved Dønski videregående skole i Bærum og jobba med rehabilitering av stoffmisbrukarar. Før ekspedisjonen til Sørpolen i 1994 arbeidde ho også ein periode som marknadskoordinator for Svalbard Polar Travel. Delar av sommaren er ho også turleiar for dette føretaket, som no heiter Spitsbergen Travel. Sidan 1995 har ho vore sjølvstendig næringsdrivande som føredragshaldar, konsulent, forfattar og pedagog.

Liv Arnesen har skrive boka Snille piker går ikke til Sydpolen som handlar om ekspedisjonen hennar i 1994. I 2002 skreiv ho boka Kan du? saman med Jon Gangdal, og i 2003 skreiv ho saman med Ann Bancroft og Cheryl Dahle No Horizon is So Far, ei bok om kryssinga av Antarktiskontinentet. Ho har også skrive Sydpolen, som er ei faktabok for ungar (2006).

Ho er cand.mag. med faga norsk, historie og idrettsrettleiing frå Universitetet i Oslo og Noregs idrettshøgskule. I tillegg har ho ein Master of Management. Arnesen er busett på Bekkestua i Bærum.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • 1999: Æresdiplom frå Det russiske geografiske samfunnet
  • 2001: Achievement Award frå Det norsk-amerikanske handelskammeret
  • 2001: Trailblazer Award frå Det skandinavisk-amerikanske Hall of Fame
  • 2001: Woman of the Year frå Glamour Magazine
  • 2008: Woman of Discovery Prize (Prisen vart delt ut av Uma Thurman i New York 5. mars 2008. Den årlege prisen markerer oppdagingar og vitskaplege framsteg gjorde av kvinner)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Olav Åmås [red.]: «Arnesen, Liv» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).
  • «Liv Arnesen» på Polarhistorie.no, innhenta 3. januar 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]