The Rip Chords

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Rip Chords
OpphavInglewood i California i USA
Aktiv1962–1965
Sjangerpop, surferock
MedlemmerErnie Bringas og Phil Stewart

The Rip Chords var ei USA-amerikansk gruppe som bestod av Phil Stewart og Ernie Bringas.[1] Gruppa vart sidan utvida til fire stemmer, med Columbia-produsenten Terry Melcher og medprodusenten Bruce Johnston (mest kjend om medlem av The Beach Boys). Gruppa vart assosiert med hot-rod-retninga innan surfemusikken på den tida, sjølv om den første singelen deira, «Here I Stand», ikkje reflekterer denne stilen. Dei spelte inn musikk for Columbia Records i Hollywood frå 1962 til 1965. Gruppa fekk fem singlar inn på Billboard Hot 100. Dei er mest kjend for den fjerde singelen sin, «Hey Little Cobra».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1962–63: «Here I Stand» (Bringas på solovokal) med «Karen» (Stewart på solovokal)
  • 1963: «Gone» (Bringas på solovokal) med «She Thinks I Still Care» (Bringas på solovokal)
  • 1963–64: «Hey Little Cobra» (Melcher på solovokal) med «The Queen» (Melcher på solovokal)
  • 1964: «Three Window Coupe» (Melcher på solovokal) med «Hot Rod U.S.A.» (Melcher på solovokal)
  • 1964: «One Piece Topless Bathing Suit» (Melcher and Bringas på solovokal) med «Wah-Wahini» (Melcher på solovokal)
  • 1965: «Don't Be Scared» (Melcher på solovokal) med «Bunny Hill» (instrumental by The Wrecking Crew)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Columbia Records contract with Bringas and Stewart was DM(1)62-704.