Surfemusikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Surferock)

Surfemusikk eller berre surf er ein sjanger innan popmusikk som er knytt til surfekulturen, særleg Orange County og andre område sør i California.

Sjangeren er delt inn i to store undersjangrar:

  • Surfpop, som inkluderer både surfeballadar og dansemusikk med vokal. Dette vert stundom kalla «strandmusikk», eller «beach music» og var òg populær utanfor surfemiljøet. The Beach Boys var ein av dei store artistane innan denne sjangerne.
  • Surfrock, som generelt er instrumental med elektrisk gitar eller saksfon som spelar hovudmelodien. Kjende artistar innan denne sjangeren var The Trashmen, The Chantays og The Surfaris. Denne meir rock-aktige delen av surfemusikken inspirerte den tidlege garagerocken.

Mange kjende surfeband har laga songar innanfor begge sjangrar, både instrumentalar og meir poporienterte surfesongar, så surfemusikk vert generelt rekna som ein enkelt sjanger, trass i store musikalske variasjonar.

Ein av grunnleggjarane for surfemusikken var Dick Dale som med sine songar inspirerte dei fleste andre surfebanda innan sjangeren. Han var òg revolusjonerande ved at han blanda inn verdsmusikk i songane sine, og var den første som blanda spanske, arabiske og japanske stilar inn i instrumentale surfesongar.

Artistar innan sjangeren[endre | endre wikiteksten]

Kjende songar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]