Sex Pistols

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå The Sex Pistols)
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Sex Pistols».
Sex Pistols (1977)

The Sex Pistols er ei britisk pønkgruppe som vart skipa i 1975 og oppløyst i 1978. Dei kom saman att i 1996.

Medlemer[endre | endre wikiteksten]

Stutt historikk[endre | endre wikiteksten]

Manageren Malcolm McLaren, som tidlegare hadde jobba med The New York Dolls, skipa Sex Pistols i 1976. Jones og Cook var dei fyrste han fekk med i bandet. Hovudmålet deira var å spela rå, aggressiv rock & roll (pønk), inspirert av New York Dolls og The Ramones frå Sambandsstatane, og å sjokkera Storbritannia so mykje som råd. McLaren, Jones og Cook fekk med seg Lydon og Matlock, som var dei beste låtskrivarane i gruppa, og etter å ha skapt seg eit namn med spelejobbar i London, fekk dei kontrakt med eit stort selskap og gav ut singelen Anarchy in the U. K. i 1976. Etter å ha gjort skandale både på riksdekkjande fjernsyn og i gatene i London, for ikkje å snakka om jukeboksar og skift bassist (til Vicious, som var heilt ut umusikalsk, men som derimot var tolleg god på skinnjakke), gav dei ut singlane God Save the Queen, Pretty Vacant og Holidays in the Sun og det vidgjetne albumet Never Mind the Bollocks, Here's the Sex Pistols i 1977. Sex Pistols drog på store Storbritannia-turnéar, og allstad dei hadde vore spratt det opp nye pønkgrupper (til dømes The Clash i London og Buzzcocks og Joy Division i Manchester).

Konserten til gruppa på Penguin Club i Oslo 20. juli 1977 vert rekna som starten på pønken i Noreg.

På om lag same tida byrja det veksa fram ein intern splid i gruppa. Lydon, som vert rekna som den musikalske heilen i bandet, rauk uklår med dei hine, i ser McLaren og Vicious, med anna med di McLaren ville at gruppa meir skulde handla om (ofte iscenesett) provokasjon heller enn om musikk. Under den fyrste USA-turnéen med bandet, i 1978, trekte Lydon seg ut av bandet, og mange set oppløysinga av bandet til dette tidspunktet. McLaren heldt rett nok fram med å bruka namnet, til dømes på Vicious sin solosingel My Way (1978) og filmen The Great Rock 'n' Roll Swindle (1979), men då Vicious døydde i 1979 var det på alle måtar over. McLaren heldt fram med innkomegjevande prosjekt utetter 80-talet, inntil dei gamle medlemene i Sex Pistols stogga honom med ei rettssak.

Lydon hadde starta Public Image ltd. for å spela den musikken han helst ville i 1978, og jamvel dette bandet skreiv seg inn i rockesoga. Jones og Cook starta The Professionals og Matlock The Rich Kids - båe pønkgrupper med stutt levetid. Det opphavlege Sex Pistols kom saman att i 1996, og spelar framleides konsertar frå tid til anna. McLaren prøvde seg som manager for fleire andre band, og som musikar.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Attåt desse finst det ei lang rekkja samle- og liveplater av ymse slag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Syphilia Morgenstierne om konserten i Oslo

Internett[endre | endre wikiteksten]

God Save The Sex Pistols