The World
| The World | |||
| øy | |||
The World tidleg i 2009 | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Emirat | Dubai | ||
| Koordinatar | 25°13′00″N 55°10′00″E / 25.21667°N 55.16667°E | ||
| Lengd | 9 km | ||
![]() The World 25°14′08″N 55°09′52″E / 25.23557013287°N 55.164501769757°E | |||
| Wikimedia Commons: The World (archipelago) | |||
The World («Verda») eller World Islands er ei kunstig øygruppe av forskjellige små øyar grovt forma som eit verdskart, i Persiabukta, 4 km utafor kysten av Dubai i Dei sameinte arabiske emirata.[1] The World består hovudsakleg av sand som er mudra opp frå den grunne kysten av Dubai og er ei av fleire kunstige øygrupper i Dubai.[1] The World er utvikla av Nakheel Properties og prosjektet var opphavleg ein idé av sjeik Muhammed bin Rashid Al Maktoum, som regjerer i Dubai.
Bygginga av dei 300 øyane byrja i 2003, men stoppa opp under finanskrisa i 2008.[2] Så seint som 2013 var berre to av øyane ferdigutvikla. I 2014 byrja utbygginga av fleire av øyane som utgjer Europa.[3].
Øyane er frå 14 000 til 42 000 m² store.[1] Avstanden mellom øyane er i snitt 100 meter. Der er bygd opp av 321 millionar kubikkmeter sand og 386 millionar tonn stein.[1] Heile området dekkjer 6 x 9 kilometer og er omgjeve av ei ovalforma bølgjebrytande øy. Det vart skapt omtrent 232 km med kystlinje. Den totale konstaden for The World i 2005 var estimert til 14 milliardar USD.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The World (archipelago)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 3 4 «Dubai's Palm and World Islands - progress update». AMEInfo. 4. oktober 2007. Henta 6. juni 2016.
- ↑ «'The World' is sinking». The Age. 28. januar 2011. Henta 28. januar 2011.
- ↑ «KLEINDIENST GROUP LAUNCHES ICONIC THE HEART OF EUROPE PROJECT». jk-properties.com. JK Properties. Januar 2014. Arkivert frå originalen 24. mars 2016. Henta 14. mars 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nakheel.com: The World Arkivert 2018-02-13 ved Wayback Machine.
- «The Heart of Europa»


